Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2315 (2024-2025)
Innlevert: 26.05.2025
Sendt: 26.05.2025
Besvart: 02.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram kor mykje av skattebetalarane sine pengar som vart forbrukt i prosjektet Møreaksen i Statens vegvesen region midt, frå og med juli 2024 og fram til dags dato, både i reine kroner men også om der er brukt personell ressurser til dette skrota vegprosjektet?

Begrunnelse

Det ryktes at det fortsatt vert brukt ressurser, pengar og mannskap i Statens vegvesen region midt på prosjektet Møreaksen som er fjerna heilt ut av NTP dei neste 12 åra.

Korleis dette er mogeleg forstår ingen, når Statens vegvesen har lagt fram sitt handlingsprogram og byggeprogram for dei neste 6 åra i nasjonal transportplan, der statlege midlar skal gå til desse prosjekta og ikkje til prosjekt som er skrota.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til skrifteleg spørsmål nr. 569 (2024-2025) av 3. desember 2024 frå representanten og mitt svar på dette 11. desember 2024. Eg viser òg til skrifteleg spørsmål nr. 2470 av 1. august 2024, nr. 2518 av 8. august 2024 og nr. 2630 av 28. august 2024 frå representant Sve og mine svar på spørsmåla av 7. august 2024, 15. august 2024 og 5. september 2024.

Statens vegvesen har som nemnt i tidlegare svar ein generell fullmakt gitt av Stortinget til å pådra forpliktingar knytt til planlegging, førebuande arbeidar og grunnerverv av prosjekt som ikkje har vedtatt kostnadsramme i Stortinget. Fullmakta er omtalt under generelle fullmakter i Prop. 1 S (2024–2025) for Samferdselsdepartementet, på s. 227.
I 2024 jobba Statens vegvesen med å sluttføra planleggingsprosessar på pågåande prosjekt på Møreaksen. I tidlegare svar har eg forklart at det er riktig at Statens vegvesen sluttfører allereie igangsette planleggingsprosessar på pågåande planprosjekt. Dette for at data skal kunne gjenbrukas om det blir aktuelt ved seinare høve.

Det er frå juli 2024 og fram til 25. mai 2025 regnskapsført om lag 18 mill. kr til Møreaksen.
Statens vegvesen avslutta all vesentleg aktivitet på prosjekta i Møreaksen ved overgangen til 2025. I 2025 vil det vere nokre kostnadar for arbeid gjennomført i 2024 i tillegg til vedtak på plan for deponi og avsluttande arkeologi.