Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til energiministeren

Dokument nr. 15:2219 (2024-2025)
Innlevert: 16.05.2025
Sendt: 16.05.2025
Besvart: 21.05.2025 av energiminister Terje Aasland

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Statnett har hatt ny linjetrase for 420 kV kraftlinje mellom Sauda og Gismarvik ute på høyring. I høyringssvara sine har formannskapet i Vindafjord og kommunestyret i Etne vedteke krav om utgreiing av sjøkabel som alternativ for luftkabel på strekninga.
Vil statsråden ta initiativ til at ei slik utgreiing vert gjort?

Begrunnelse

Statnett planlegg oppgradering av linjenettet mellom Sauda og Gismarvik. Traseen vil gå gjennom kommunane Sauda, Etne, Vindafjord og Tysvær. Alle desse kommunane har alt store kraftlinjer gjennom sine natur-, friluftsliv- og jordbruksområde.
Framlegga til ulike trasear har vore orientert om på folkemøte og har vore ute på høyring. Den politiske handsaminga i Etne og Vindafjord konkluderte med krav om utgreiing av sjøkabel som alternativ. Det same er konklusjonen i mange av høyringssvara og i det som kom fram på folkemøta.
Utbygginga er ei oppgradering av eksisterande linjenett. Noverande trasé kan ikkje nyttast, fordi straumnettet må vera operativt i byggeperioden. Dermed vert det dobbel belastning på områda som linja vil gå gjennom.
På store delar av strekninga som er aktuell for sjøkabel, går i dag utanlandskabelen mellom Noreg/Suldal og England. Dermed er det alt gjort erfaring med sjøkabel i dette området.
Kostnad er ofte argumentet for at luftkabel skal bli brukt. I utgreiingar vert det konkludert med at sjøkabel kostar mykje meir enn luftkabel. Erfaring frå mellom anna prosjektet Blåfalli – Gismarvik viser at luftlinja vert mykje dyrare enn først rekna, slik at den reelle skilnaden i kostnad ikkje kjem fram på planleggingstidspunktet.
Denne planlagde traseen, der det alt er sjøkabel, bør bli nytta som eit strekk der ein tar i bruk unntaka i Stortingsmelding 14 (2011 – 12). Det er tid for å gje samfunnsøkonomi eit anna innhald enn berre kroner og øre.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har nylig hatt på høring Statnetts melding med forslag til utredningsprogram for oppgradering av to eksisterende 300 kV-ledninger mellom Sauda transformatorstasjon i Sauda kommune og Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune.

NVE går nå gjennom innkomne høringsuttalelser. Etter at NVE har gjennomgått høringsinnspillene, vil direktoratet fastsette et konsekvensutredningsprogram i henhold til KU-forskriften og øvrig gjeldende regelverk. Statnett må så gjennomføre konsekvensutredning i tråd med det fastsatte programmet. Når konsekvensutredningene er gjennomført kan det søkes om konsesjon. Konsekvensutredningene skal da vedlegges søknaden.

NVE vil sende søknaden på høring og forberede saken for avgjørelse enten i NVE selv eller av Kongen i statsråd avhengig av tiltaket det blir søkt om. I begge tilfeller vil saken kunne komme til mitt departement for behandling. Enten i form av klagesak eller ved at NVEs innstilling behandles av departementet, før saken oversendes til Kongen i statsråd som avgjør saken som vedtaksmyndighet. Jeg vil derfor ikke uttale meg om saken på nåværende tidspunkt.