Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2182 (2024-2025)
Innlevert: 12.05.2025
Sendt: 12.05.2025
Til behandling

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Dersom leiinga i Luftforsvaret flyttar 40 operative stillingar frå Sørreisa, betyr det i realiteten ei styrt nedlegging av Noregs mest moderne luftovervakingsstasjon.
Kan forsvarsministeren godta at Forsvaret permanent flyttar 40 av 65 operative stillingar frå Sørreisa til Bodø for å bygga opp ein mellombels CAOC, NATO-luftoperasjonssenter, utan at dette er politisk avgjort?

Begrunnelse

NATO har peikt på Noreg som land for ein ny CAOC, eit NATO-luftoperasjonssenter. Kor i landet det skal leggast er ei politisk avgjerd som vert fatta av regjeringa, og den avgjerda er framleis ikkje tatt. Eit av hovudpunkta då statsminister Støre nyleg la fram Noregs første nasjonale sikkerheitsstrategi, var at me «må leva med eit farlegare Russland som nabo, og at me må stå trygt i ei tid med tiltakande stormaktsrivalisering». Me må vera til stades i nordområda, der me bur, lever og har kunnskapen. Det er aukande sikkerheitspolitisk interesse for dei arktiske områda.

Luftforsvarets stasjon i Sørreisa er Noreg og NATO sitt mest moderne stridsanlegg til over 5 milliardar kroner. Kontroll og varsling heng saman, det har det alltid gjort. I dag samarbeider Sørreisa og Bodø. Ei flytting av 40 operative stillingar vil vera starten på slutten for Luftforsvaret sin aktivitet i Sørreisa og ein kostbar, forsvarspolitisk skandale. Luftforsvarets stasjon Sørreisa driv med kontinuerleg luftovervaking av landets luftrom heile døgnet 365 dagar i året, og er den einaste stasjonen i Noreg, etter vedtak i 2012 i Stortinget. Det er der me har dagens nasjonale luftoperasjonssenter.

På eit folkemøte torsdag 6. mai (i Sørreisa) stadfesta oberst NK/stabssjef Joint Air Operations Centre, Michael Baas Bottenvik-Hartmann at ein planlegg at inntil 40 av 65 operative stillingar blir flytta frå Sørreisa til Bodø for å bygga opp ein mellombels CAOC, NATO-luftoperasjonssenter. Flyttinga er permanent og skjer utan at det er politisk bestemt. CRC-en i Sørreisa kan bli tømt for operativ aktivitet, og mistar dermed også grunnlaget for å driva opplæring av nytt personell, slik dei gjer i dag. I nord er det samtidig brei oppslutning, både politisk og fagleg, om at ein ny, nordisk Nato-luftkommando bør leggast til Sørreisa og Bodø.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig