Erling Sande (Sp): Kva vil statsråden gjere for å forenkle prosessen vanlege folk møter når dei skal utføre mindre tiltak på eigedomen sin, gjennom at NVE sine naturfarekart blir nytta til å krevje naturfareutgreiingar som ikkje står i forhold til tiltaket?
Begrunnelse
Dei seinare åra har NVE utarbeidd naturfarekart som skal vere eit verktøy i arealplanlegging og i kommunane og andre sitt arbeid med arealforvaltning. Naturfarekarta synleggjer område der det er, eller kan vere, naturfare og det av den grunn ikkje bør anleggast til dømes større nye bustadområder eller viktig infrastruktur.
I aukande grad kjem det no døme på at naturfarekarta også vert nytta til å krevje naturfareutredningar ved mindre tiltak på eksisterande bygningsmasse, som folk ønskjer å gjennomføre for utvikle hus og eigedom.
Det kan ikkje vere målet bak rassonekartlegginga at ein skal vanskeleggjere eller stoppe enkle påbygg, fasadeendringar eller utviding av eit reidskapshus knytt til eigedommar der folk allereie oppheld seg
Praksisen med å krevje slike utredningar gjer det ikkje berre krevjande for vanlege folk som ønskjer å utføre mindre tiltak på eigedomen sin. Det bind også ressursar både for kommunen og dei som utfører kartlegginga som burde vore brukt på viktigare områder. Statsråden har tidlegare sagt ho ønskjer å forenkle offentleg sektor og det er interessant å få svar på om ei forenkling på dette området vil vere mellom dei tiltaka statsråden vurderer.