Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2135 (2024-2025)
Innlevert: 07.05.2025
Sendt: 07.05.2025
Besvart: 14.05.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram erfaringstall frå desse utbedrings strekningane i Hallingdalen og gjennom Østerdalen på RV 3, ca. kostnad Statens vegvesen har oppnådd som meterpris for ny utbedra veg?

Begrunnelse

Utbedrings strekninger med såkalla "Hallingdalmodellen" som også Statens vegvesen med stort hell har gjennomført på RV 3 gjennom Østerdalen har vist seg å vere ein effektiv og kostnadseffektiv måte å utbedre kraftig eksisterandes veg, rette ut svinger, breddeutviding, nye skuldrer og omfattende utbedring av sideterreng, og der ein får mykje veg igjen for pengane.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Innleiingsvis vil eg vise til at stortingsrepresentanten blant anna spør om utbetringar i Hallingdalen og «Hallingdalmodellen». Eg føreset at representanten siktar til utbetringar i Valdres og «Valdresmodellen» .
Statens vegvesen har dei siste åra utbetra lengre vegstrekningar i Valdres og Østerdalen ved å rette ut svingar, breiddeutviding, nye vegskuldrer og utbetring av sideterreng. Denne typen utbetringar er i tråd med regjeringa si satsing på at vi tek vare på det vi har ved å utbetra der vi kan, og bygger nytt når vi må.
Erfaringstal for utbetringsstrekningane varierer etter strekninganes topografi, vegstandard, vegbreidd og talet på konstruksjonar o.l. På enkelte delstrekningar på rv. 3 Østerdalen har også Statens vegvesen lagt vegen i ny trasé for å tilpasse vegen til 200-årsflaum. For tiltak som er ferdigstilte i perioden 2019-2024 varierer kostnad pr. løpemeter derfor relativt mykje.
Tal frå dei ulike delstrekningane på rv. 3 Østerdalen varier frå kr 15 000,- til kr 100 000,- pr løpemeter.
Tal frå dei ulike delstrekningane på E16 Valdres varierer frå kr 23 000,- til ca kr 40 000,- pr løpemeter.