Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2131 (2024-2025)
Innlevert: 06.05.2025
Sendt: 07.05.2025
Besvart: 13.05.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): I desember vart Manal (4) og fem andre hardt skadde born som er offer for israelske krigsbrotsverk evakuert til Noreg for medisinsk behandling. Jenta fekk asyl i Noreg i lag med mora. Far og veslebror, som berre var 1 år då Manal og mora flykta, er igjen i Gaza. For å få familiegjenforeining må dei ta DNA-test i Jordan.
Vil utanriksministeren sørge for bistand slik at far og veslebror til Manal raskt kan evakuerast frå Jabalia og reisa til Amman før Israel erobrar Gaza og fordriv befolkninga til lukka interneringsleirar?

Begrunnelse

Tamara, Ahmad og borna Manal (4) og Rajab (2) vart utsett for eit israelsk bombeangrep i november 2023. Manal, som me vart kjende med på Dagsrevyen laurdag 3. mai, vart alvorleg skadd med ryggmargsbrot og sit no i rullestol. Etter ei dramatisk flukt frå Gaza til Egypt vart Manal og mora saman med fem andre born henta til Noreg av norske styresmakter i desember i fjor. Etter tre månadar behandling er dei no i Oslo. Far Ahmad og veslebror Rajab er igjen i Jabalia i Nord-Gaza.

Tamara er aleine med det store ansvaret om å følgje opp dotter si, samstundes som ho lever i konstant bekymring for sønen sin Rajab på to år. Ho har ikkje sett han på over eitt år. Det går iblant dagar utan at Tamara får tak i mannen sin, uviss om dei er drepne eller ikkje. Tamara og Manal går til behandling hos psykologspesialist som skildrar Tamara i akutte stressreaksjonar. Manal saknar far og bror, og strevar med å akseptera skaden og splittinga av familien.

Det er søkt om familiegjenforening og UDI har opna saka deira. I går sendte UDI eit brev til Tamara og Ahmad der dei godkjenner at DNA-testing kan utførast ved næraste ambassade. I deira tilfelle vil dette vera Amman i Jordan eller Egypt. Ahmad og Rajab er i Jabalia i Nord-Gaza og dei har inga moglegheit til å koma seg ut derifrå på eiga hand. UDI har gjort det klart at dei ikkje kan hjelpa med evakuering, men at dette må ligga hjå Utanriksdepartementet.

Det siste døgnet har Israel annonsert at dei skal okkupera heile Gazastripa og fordriva alle i Nord-Gaza til Rafah-området Sør i Gaza. Det kan ikkje understrekast nok kor kritisk situasjonen er og kor mykje det haster å få dei ut. Vi ber derfor innstendig om at UD tar saka og kontaktar Verdas Helseorganisasjon, Cogat (Coordinator of Government Activities in the Territories), eller andre moglege samarbeidspartnarar, for å mogleggjera utreise frå Gaza i løpet av svært kort tid, før Ahmad og Rajab blir internert i ein lukka leir i Sør-Gaza.

Tamara og Manal har fått asyl i Noreg. Norske styresmakter henta dei hit, utan at pappa og lillebror fekk vera med. No er familien splitta midt i eit folkemord.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Norske styresmakter har over lang tid bistått personar som kan få konsulær bistand frå Noreg med å reise ut av Gaza. Det er gitt tilbod om assistert utreise til norske borgarar og utanlandske borgarar som er busett i Noreg, samt til nære familiemedlemmer av desse som har gyldig opphald i Noreg og reiser saman med dei. Så langt har vi bistått om lag 300 personar med utreise.
For å kunne bistå denne gruppa personar med assistert utreise frå Gaza, har ein i praksis også måtta sørge for vidare transport ut av regionen og til Noreg. Norske styresmakter har måtta yte betydeleg grad av konsulær bistand i desse sakene, både når det gjeld sjølve grensekryssinga, og med etterfølgjande hjelp til reisa vidare.
I den saka som representantens spørsmål gjeld, dreier det seg om å bistå med både grensekryssing og vidare hjelp til personar som ikkje har opphaldsløyve i Noreg. Norske styresmakter kan dessverre ikkje påta seg å yte same type bistand til denne gruppa som til norske borgarar.
Eg er djupt bekymra for situasjonen på Gaza, og forstår at alle som befinn seg der er i ein farleg og vanskeleg situasjon. Det betyr dessverre ikkje at norske styresmakter har moglegheit til å hjelpe alle med utreise frå Gaza eller innreise til Noreg.