Birgit Oline Kjerstad (SV): Riksrevisjonen kom med sterk kritikk av Helseplattformen i oktober 2024 , og no har Høgskulen i Volda gjort ei undersøking mellom dei tilsette i Spesialisthelsetenesta i fylket som gir grunn til stor uro for konsekvensane av å innføre systemet.
Kva vil helse-og omsorgsministeren gjere for at ikkje innbyggarne i Møre og Romsdal skal verte skadelidande av den store belastninga på dei tilsette og dei langsiktige konsekvensane av innføringa av Helseplattformen?
Begrunnelse
27. april 2025 var det eitt år sidan Helseplattformen vart innført som journalsystem i Helse Møre og Romsdal imot helseforetaket sitt klare råd, og trass i åtvaring frå svært mange hald. Riksrevisjonen kom med sterk kritikk av innføringa av journalsystemet i oktober 2024. No har Høgskulen i Volda gjennomført ei spørjeundersøking mellom tilsette i Spesialisthelstenesta i fylket, lækjarar, radiografar og administrativt tilsette. Undersøkinga omfatta fire deltema: Innføring, opplæring , ærfaring og vurdering av konsekvensar for rekruttering og tillit.
To av tre tilsette svara at dei fekk for dårleg opplæring og at det er utfordringar med kommunikasjon og språklege barrierer i systemet. Legemiddelhandtering i HP vert sett på som spesielt problematisk og tidkrevjande, med risiko for feilmedisinering. Undersøkinga syner at mange har store utfordringer med journalsystemet i det daglege arbeidet. Knapt halvparten av dei tilsette svarer at dei ofte eller svært ofte opplever tekniske problem, og 80% seier at HP har påverka arbeidsmiljøet negativt. Meir enn åtte av ti tilsette er enige i at pasienttryggleiken er forverra. 85 % er uenige i at pasientane har fått eit betre helestilbod med innføringa av systemet, og det er rpportert at personvernet er dårleg i systemet. Fleire svar tyder på at systemet slit på dei tilsette som opplever å bruke systemet som å køyre med bremsene på. Det tek lang tid å bruke systemet med mange klikk, lite intuitive løysinger og vanskeleg språk. går det lenger tid. Spesialistane rapporterer at dei ikkje rekk å behandle så mange pasientar som før. Det har gått utover effektiviteten, og mange frykter dei langsiktige konsekvensane for rekruttering og pasient tilbodet i fylket på grunn av at systemet dreg mykje ressursar i form av både tid og pengar.