Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2102 (2024-2025) Innlevert: 04.05.2025 Sendt: 05.05.2025 Besvart: 07.05.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva vil det anslagsvis koste, kvar for seg og i sum, dersom ein skal bygge intercitystrekningane med dobbeltspor raskt, med auka frekvens og hastigheiter, samt oppgradere jernbanenettet mellom dei store byane og landsdelane til å tåle høg hastigheit?
Jon-Ivar Nygård: I NTP 2025-2036 la regjeringa fram strategien for utviklinga av jernbanen fram mot 2050. Eit viktig prinsipp for strategien er at jernbanen skal utviklast der den er den beste løysinga for samfunnets transport- og mobilitetsutfordringar. Det betyr at vi dei næraste åra styrker jernbanen rundt dei største byane blant annet ved å ferdigstille indre InterCity og på dei lange godsstrekningane. I tillegg er auka frå eitt til to tog i timen i grunnrute og reisetidsreduksjonar på Vestfoldbanen mellom Skien og Oslo prioritert med oppstart i første periode.Når det gjeld kva rolle jernbanen skal spele på dei lange strekningane i Noreg, er Jernbanedirektoratet i gang med å utarbeide ein ny fjerntogstrategi. Denne strategien omfattar ytre InterCity, fjerntogstrekningane mellom landsdelane og grensekryssande trafikk og skal gi oss eit godt beslutningsgrunnlag for vidare oppgradering av infrastruktur og togtilbodet til neste rullering av NTP.Det føreligg ingen oppdaterte kostnadsanslag for utbygging av fullt dobbeltspor på ytre IC-strekningane, det vil seie frå Tønsberg til Skien (Vestfoldbanen), Hamar til Lillehammer (Dovrebanen) og Fredrikstad til Halden (Østfoldbanen).Dei nyaste berekningane av kostnader for dobbeltsporutbygging på Dovre- og Vestfoldbanen, blei gjort av Jernbanedirektoratet og Vista analyse som del av grunnlagsarbeidet til NTP 2022-2033 og er usikre anslag. Gjenståande dobbeltsporutbygging på Dovrebanen (frå Åkersvika til Lillehammer) blei da berekna å koste om lag 26,8 mrd. 2019-kroner. Gjenståande dobbeltsporutbygging på Vestfoldbanen (frå Tønsberg og på gjenståande parseller til Porsgrunn) blei berekna å koste om lag 28 mrd. 2019-kroner.For ytre IC på Østfoldbanen berekna Bane NOR følgjande til arbeidet med NTP 2022-2033: dobbeltspor Seut – Sarpsborg 23,8 mrd. 2024-kroner, og dobbeltspor Sarpsborg-Halden (grensa) 10,7 mrd. 2024-kroner, også desse er svært usikre anslag.