Geir Inge Lien (Sp): Er statsråden samd i Mattilsynet si utsegn om at beitebrukarar i Fjord kommune no bør avvikle drifta si, sidan det ikkje lenger er forsvarleg å sende dyra på utmarksbeite, dersom ikkje, kva vil statsråden konkret gjere for at forvaltninga av jervebestanden i Møre og Romsdal og tilgrensande regionar vert forvalta i tråd med rovviltforliket og todelt målsetting?
Begrunnelse
Gjennom kontakt med ordførar i Fjord kommune er eg kjend med at Fjord kommune og beitenæringa i kommunen har hatt dialogmøte med Mattilsynet, Miljødirektoratet og Rovviltnemda i region 6, 30. april.
Bakgrunnen for møtet er situasjonen som har pågått over fleire år med vedvarande store tap av sau og lam til jerv i Fjord kommune. Situasjonen er svært alvorleg. Både kommunen og beitenæringa har varsla om at den todelte målsettinga i rovviltforliket ikkje er nådd, og at det no brenn eit blått lys for beitenæringa i Fjord kommune. Situasjonen er tilsvarande alvorleg og identisk i nabokommunen Rauma.
Møtet vart innleia med at ein jurist frå Mattilsynet gjekk gjennom ny rettleiing om dyrevelferd på beite. Her vart det svært tydeleg for både ordføraren i Fjord kommune og beitenæringa at Mattilsynet legg urimeleg mykje ansvar på dyreeigar. Det vart tydeleggjort frå Mattilsynet si side at med dagens situasjon i Fjord kommune, med fare for rovdyrtap på utmarksbeite, bør bøndene avvikle drifta og sende alle dyra til slakt. Dette medførte naturleg nok eit raseriutbrot frå fleire av dei frammøtte bøndene.
Ingen bør vere i tvil om kva som er det faktiske problemet i denne saka;
- Bestanden av jerv i Norge vert ikkje forvalta i tråd med Stortingsvedtak rovviltforliket med todelt målsetting. Bestanden av jerv i Norge er langt over bestandsmål.
I tråd med presentasjonen som vart halde av Miljødirektoratet er det statsråd Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i Klima- og Miljødepartementet som har ansvaret. Det er ikkje beitenæringa i Fjord kommune som har ansvaret for, og skal måtte ta konsekvensane av ei feilslått rovviltforvaltning. I praksis er det slik det fungerer no.