Ingrid Fiskaa (SV): «Vi er for lite bemanning til å følge opp pasientene på en forsvarlig måte (…) Jeg gruer meg til å gå på jobb hver eneste dag her, og vet at de fleste kollegaene mine gjør det samme». Dette er eit av sitata frå avviksmeldingane frå tilsette i sjukeheimar og heimesjukepleie i Sør-Rogaland, publisert i Stavanger Aftenblad. Oppslaga føyer seg inn i ei lang rekke avsløringar av fullstendig uakseptable forhold i eldreomsorga.
Kva for grep tenkjer statsråden å ta for å bøta på mangelen på kvalifisert personell i norsk eldreomsorg?
Begrunnelse
Dei siste oppslaga i Stavanger Aftenblad føyer seg inn i ei lang rekke avsløringar av fullstendig uakseptable forhold i norsk eldreomsorg. Årsakene til svikten er samansette, men mangelen på kvalifisert personell peikar seg ut som ei hovudårsak. Regjeringa er godt kjent med utfordringane. NAVs seinaste bedriftsundersøking slo fast at helse- og sosialtenestene er den næringa som rapporterer størst mangel på arbeidskraft. Bedriftsundersøkinga slår fast at mangelen er stor i alle landets fylke, men samla sett manglar det flest i Vestland, Innlandet og Rogaland.
Det er godt kjent at mange helsearbeidarar vurderer å slutta på grunn det dei opplever som eit uuthaldeleg arbeidspress og forverra arbeidsforhold. Heile 5 000 av ca. 12 000 sjukehuslegar rapporterer at dei er usikre på om dei vil halda fram i jobben om to år. Me manglar allereie både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, jordmødrer og legar i stort omfang.
Mange sektorar opplever mangel på arbeidskraft. Det må det takast høgde for i arbeidet med å rekruttera og behalda helsepersonell. Det må leggast stor vekt på å behalda dei som allereie er i sektoren, legga til rette for større stillingar og ta tak i dei arbeidsmiljøutfordringane som mellom anna Kvinnearbeidshelseutvalet har peika på.
Ei reell styrking av kommeøkonomien, fleire og meir målretta rekrutteringssatsingar og betre HMS-arbeid må koma på plass fort. Dette er grunnen til at SV har fremma 20 forslag i Stortinget for å følgja opp og få fortgang i rekrutteringsarbeidet i både spesialist- og kommunehelsetenesta.
Helsepersonellmangelen er ein godt varsla katastrofe. SSBs framskrivingar har åtvara mot dette i årevis, utan at verken sittande eller tidlegare regjeringar har tatt grep som har kunna avverga den situasjonen me er i. Helsepersonellkommisjonen og Kvinnearbeidshelseutvalet har gitt oss eit godt kunnskapsgrunnlag og nå er tida, slik tittelen på Helsepersonellkommisjonens NOUs slår fast, inne for handling.