Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1984 (2024-2025)
Innlevert: 20.04.2025
Sendt: 22.04.2025
Besvart: 29.04.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Er næringsministeren enig i at det er ein uhaldbar situasjon at mange små og mellomstore bedrifter i anleggsbransjen vurderer å legge ned på grunn av stadig veksande offentleg byråkrati og stadig fleire nye forskrifter, meiner næringsministeren det er godt nok når Regelrådet opplyser at forenkling blir vektlagt i under 30 % av nye reglar og forskrifter, og når vil næringsministeren følgje opp lista med forslag til forenklingar som Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) sende over til Næringsdepartementet i januar i år?

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Forenklingsarbeidet er viktig for regjeringa, særleg tiltak som er retta mot små og mellomstore bedrifter. Dette handlar ikkje berre om å fjerne krav, men òg om å finne nye og smarte løysingar som gjer rapportering lettare og samtidig støttar ansvarleg næringsliv. Eit regelverk som fungerer godt, og som er lett å forstå, føreseieleg og samordna, bidreg til dette.
Eg er einig med representant Bjørlo i at det er behov for å forenkle og harmonisere krava til sjekklister og rapportering. Dette er eit område der vi ser at mange aktørar opplever unødvendig byråkrati og tidkrevjande rapporteringsrutinar. Målet til regjeringa er å kutte ned på unødvendige krav til rapportering – både i tal og kor omfattande dei er.
Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) har sendt inn fleire forslag til forenkling, og slike innspel er svært verdifulle for oss. Å vite kvar skoen trykkjer, og å ha kunnskap om dei praktiske utfordringane bedriftene møter, er nyttig i arbeidet med å samordne og forenkle krava på ein god måte – utan at det går utover viktige omsyn som tryggleik, arbeidsvilkår og miljø.
Regjeringa jobbar kontinuerleg med å gjennomgå gjeldande reglar, fjerne unødige krav og sørgje for at nye reguleringar blir nøye vurderte med tanke på konsekvensane for bedriftene. Det blir mellom anna jobba med å effektivisere plan- og byggjesaksprosessane og det føregår ei evaluering av openheitslova.
Lovverk MEF tek opp ligg under fleire departement sine ansvarsområder. Relevante departement er informerte om forslaga, og dei er no til vurdering.