Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for regjeringa sitt arbeid for å få på plass BankID eller annan elektronisk ID for blant anna flyktningar, då dei ulike bankane har ulike retningsliner for å BankID?
Begrunnelse
Fleire flyktningetenester melder at det er eit stort problem at dei som bur i mottak, særleg er ein bekymra for integrering av ungdom , ikkje får oppretta bankkonto og andre tenester, fordi dei ikkje har tilgang til BankID. Manglande eID med høgt sikkerheitsnivå kan føre til digitalt utanforskap, og det gjer det vanskelegare for flyktningane å bli sjølvstendige. Per i dag er det kun private selskap som har høgt sikkerheitsnivå når det kjem til elektronisk ID. Fleire bankar seier at det ikkje kan gi ut BankID til personar som ikkje kan norsk eller engels, som eit døme på hindringar i dagens system. Det trengs altså ei offentleg løysing for innlogging med høgt sikkerheitsnivå.