Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa sørge for at den nye tingretten for Hardanger, Voss og Samnanger kan fungere på beste måte ved å sikre politijuristar og arrest i Odda?
Begrunnelse
Gjenoppretting av tingretten i Hardanger er i rute og ny sorenskrivar er tilsett. Det er imidlertid bekymring frå både politi og tingrett at det i dag ikkje er politijuristar eller arrest i Odda, sjølv om alt legg til rette for det no når den nye tingretten med auka ansvarsområde blir gjenopna. Det vil vere avgjerande for ein velfungerande tingrett at desse tenestene blir tilbudt lokalt. Eg ber om at statsråden ikkje berre viser til at dette er politidistriktet sitt ansvar å prioritere, men at det blir innhenta opplysningar om kva som er gjort for å tilsette politijurist, kva som er planane for dette framover og likeså kva som er distriktet sitt mål for arresten i Odda, og kva som er regjeringa sin plan for å få sikre nødvendige tenester rundt tingretten i Hardanger.