Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1904 (2024-2025)
Innlevert: 09.04.2025
Sendt: 09.04.2025
Besvart: 22.04.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren redegjøre for lovverket og dagens reguleringer av HC-parkering, og om regjeringen vurderer å gjøre HC-parkeringene kostnadsfritt for brukerne?

Begrunnelse

På dei fleste parkeringsplasser er der HC-plasser, men ofte er disse få og kan vere opptatt.
Det er også slik at handicappede personer ofte ikkje kan nytte annen og rimeligere offentlige transport, men har egne tilpasset biler som dei må bruke for å kunne komme seg dit dei har behovet for.
Med bakgrunn i begrensninger til denne gruppen reisende, er også dette fordyrende, og mange meiner HC- plassene på parkeringsplasser og spesielt ved sjukehusa kunne vore gratis og dekt av staten.
Fra før har denne gruppen av innbyggere nok av utfordringer:
• Mange med parkeringstillatelse har ikke anledning å velge andre transportmetoder.
• Mange med parkeringstillatelse har en allerede krevende hverdag.
• Mange med parkeringstillatelse har en allerede anstrengt økonomi.
• Mange med parkeringstillatelse trenger omfattende tilrettelegging for å kunne delta i samfunnet og på aktiviteter.

Med andre ord taler mye for at HC- plasser kunne blitt gratis og at det burde blitt lagt til rett for flere slike plasser lett tilgjengelige for brukarene.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Forskrift om parkeringstillatelser for forflytningshemmede av 18. mars 2016 nr. 264 regulerer ordninga du viser til.
Som det går fram av forskrifta § 2, er det allereie slik at innehavar av slik løyve kan parkere gratis på alle avgiftsbelagde kommunale plassar. Det er også fleire andre fordelar som følgjer med eit slikt løyve, som for eksempel eigne reserverte plassar som kan nyttast, at ein kan stå lengre tid enn det eit eventuelt skilt set vilkår om, eller at ein fritt (og gratis) kan nytte parkeringsplassar på stader der det er innført såkalla bustadsoneparkering.
I tillegg blir det i forskrift om vilkårsparkering for allmennheita og handheving av private parkeringsreguleringar (parkeringsforskrifta) av 18. mars 2016 nr. 260 kapittel 10 stilt fleire krav for nettopp tilrettelegging for menneske med nedsett rørsleevne. Til dømes blir det stilt krav til at det på alle vilkårsparkeringsplassar skal avsetjast eit tilstrekkeleg tal plassar tilrettelagte for personar med nedsett rørsleevne med parkeringsløyve. Med tilstrekkeleg tal meinast at det i alminnelegheit til ei kvar tid er ein ledig reservert plass. I tillegg er det fastsett nærare reglar for vurderinga av kva som må reknast som eit tilstrekkeleg tal plassar, storleik og utforming av desse. Tilbakemeldingane viser jamt over at regelverket sikrar tilstrekkeleg tal plassar.
Regelverket tek utgangspunkt i FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Konvensjonen skal bidra til å motverke diskriminering på grunn av ned-sett funksjonsevne og skal sikre respekt for både dei sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til denne gruppa. Konvensjonen vart ratifisert av Noreg i 2013 og regjeringa har hatt fokus på korleis denne skal inkorporerast i norsk lov. Konvensjonen skal nyttast av norske styresmakter, jf. grunnlova § 92, trass i at den enno ikkje er innlemma i norsk lov. Vi er med andre ord bunde av konvensjonens føresetnader, og det er derfor ei sjølvfølge at denne ligg som fundament i det regelverket som forvaltar slike ordningar.
Eg forstår likevel spørsmålet til representanten slik at dette i all hovudsak dreier seg om privateigde område, som for eksempel enkelte plassar ved sjukehus. Regelen om betalingsfritak gjeld som nemnt over berre på kommunale plassar og ikkje på private plassar. På private vilkårsparkeringsplassar, kan grunneigar/verksemda sjølv bestemme om det skal gjevast betalingsfritak eller ikkje. Spørsmålet er diskutert fleire gonger. Bakgrunnen for at krav til betalingsfritak ikkje samtidig er innført for private, er først og fremst grunna i eigedomsretten. Private grunneigarar har tidlegare ytra at innføring av eit slikt krav ovanfor private ville utgjere eit sterkt inngrep i den private eigedomsretten som det er usikkert om det finst heimel til. Det er også hevda at ein slik regel ville kunne ha karakter av ekspropriasjon og at det samtidig kan innebere ulovleg inngrep i etablerte kontraktar. Dette er nokon av grunnane til at ein førebels ikkje har funne grunn for å kunna innføre like krav for dei private plassane, som for dei offentlege.