Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1883 (2024-2025) Innlevert: 07.04.2025 Sendt: 07.04.2025 Besvart: 23.04.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide
Ingrid Fiskaa (SV): Arbeidarpartiet vedtok på helgas landsmøte at partiet "vil ta initiativ til et forbud mot handel og annen næringsvirksomhet som bidrar til å opprettholde Israels ulovlige okkupasjon og tilstedeværelse i Palestina". Juristane i Forsvar folkeretten overleverte Utanriksdepartementet eit godt utarbeidd lovforslag om dette for nokre månadar sidan. Vil utanriksministeren bruka makta og moglegheita han har til å senda over eit lovforslag til Stortinget i denne stortingsperioden?
Espen Barth Eide: Regjeringa er djupt bekymra for den alvorlege situasjonen i Palestina, både i Gaza og på Vestbreidda. Regjeringa meiner at dei folkerettsstridige israelske busetjingane er blant dei største hindringane for ei fredeleg løysing på konflikten og utgjer ei trussel mot fred og tryggleik i regionen. Regjeringa vedtok allereie i 2022 å tydeleggjere at produkt frå ulovlege israelske busetjingar skal merkast. Regjeringa kom i mars 2024 med ei fråråding til norske selskap som åtvarar mot å drive handel og næringsverksemd som bidrar til å oppretthalde dei folkerettsstridige israelske busetjingane. I oktober 2024 kom regjeringa med ei skjerpa fråråding som åtvarar norske bedrifter mot å bidra til å oppretthalde det at Israel ulovleg er tilstade i Palestina. Regjeringa vil ikkje innføre boikott eller einsidige norske sanksjoner mot Israel. Det er ikkje i samsvar med norsk sanksjonspolitikk å innføre sanksjonar åleine. Innføring av slike sanksjonar vil innebere brot med etablert norsk sanksjonspolitikk gjennom ei årrekke, ei linje som er tverrpolitisk forankra. Regjeringas syn er at det er multilaterale, globale, og tvingande sanksjonar vedtatt av FNs Tryggingsråd eller andre tiltak som det er brei internasjonal oppslutning om, som har størst legitimitet og effekt for å påverke ein stat til å endre åtferd. Verken Tryggingsrådet eller EU har så langt vedtatt tilsvarande sanksjonar.Arbeidarpartiets landsmøte vedtok at partiet skal ta initiativ til eit forbod mot handel og anna næringsverksemd som bidreg til å oppretthalde det at Israel ulovleg er tilstade i Palestina. Regjeringa vil no gå i gang med å følgje opp vedtaket frå landsmøtet. Det er for tidleg å seie noko konkret om korleis dette skal gjerast. Regjeringa vil og fortsette med full styrke vårt diplomatiske arbeid for ei varig løysing på den israelsk-palestinske konflikten som tar vare på begge folks sjølvråderett og rett til å leve i fred og tryggleik, basert på to-statsløysinga.