Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1879 (2024-2025)
Innlevert: 06.04.2025
Sendt: 07.04.2025
Besvart: 24.04.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kan statsråden stadfeste at dersom ein skal foreta ei betydeleg auke i løyvingane til ras- og skredsikring, så vil det innebere ei opptrapping utover det som er lagt til grunn i Nasjonal Transportplan 2025-2036, kor mykje utover rammene i NTP 2025-2036 må auken vere for å kunne verte sett på som betydeleg, høvesvis for fylkesveg, riksveg og i sum, og korleis bør ei eventuell betydeleg auke i løyvingane gjevast?

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Nasjonal transportplan (NTP) 2025-2036 vart det lagt fram ein plan for sikring av skred på riks- og fylkesveg. Kartlegginga blir lagd til grunn for ein nasjonal gjennomføringsplan og det er eit mål om å utbetra flest mogleg av dei kartlagde skredpunkta i middels og høg kategori i løpet av planperioden.
Kartlegginga viser at det er anslått 255 punkt med middels og høg skredfaktor på riksveg, til eit kostnadsoverslag på om lag 35 mrd. 2024-kr. For fylkesveg er dei tilsvarande tala 542 punkt med middels og høg skredfaktor, med eit kostnadsoverslag på om lag 60,5 mrd. 2024-kr. I tillegg er det 206 punkt med låg skredfaktor på riksveg, medan det same talet for fylkesveg er 1 149. Det må takast atterhald om uvisse i kostnader og løysingar, og det er nødvendig at gjennomføring skjer over fleire år gitt at det er ulik planstatus og gjennomføringstid. I grunnlagsmaterialet til Nasjonal transportplan 2025-2036 datert 3. oktober 2023 blir det gitt ei nærare forklaring på metodebruk og uvisse i berekningane.
For riksvegnettet er det lagt til grunn at 79 skredpunkt vil bli eliminert med prosjekta som ligg i Nasjonal transportplan 2025-2036, og vist i gjennomføringsplanen 2025-2030. Eit eksempel er Fellesprosjektet Arna-Stanghelle, der ein med opning av ny E16 vil eliminera 10 skredpunkt.
Det vil i tillegg vera aktuelt å gjennomføra mindre skredsikringstiltak i siste seksårsperiode, og heilt eller delvis finansierte tiltak over drifts- og vedlikehaldsbudsjettet. Dette kan m.a. vera aktive skredsikringstiltak, som t.d. radarovervaking med moglegheit for automatisk stenging av vegen. Desse blir planlagde og blir fortløpande gjennomførte.
Den største delen av midlar til fylkesveg får fylkeskommunane over det generelle rammetilskottet på Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett. I tillegg får fylkeskommunane midlar knytt til fylkesveg med særskilt fordeling over tabell C i rammetilskotet. Ei av desse tabell C-sakene er Ras og skredsikring på fylkesveg.
I Grønt hefte for 2025 er det løyvd 980 mill. kr i særskild fordeling til ras og skred på fylkesveg samla sett. I NTP er det for tolvårsperioden prioritert 13,8 mrd. 2024-kr over same tabell C-sak. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane etter fordelingsnøkkel, der Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar er dei største mottakarane. Fylkeskommunane kan òg prioritere midlar frå det generelle rammestilskottet til formålet.
Representant Gjelsvik spør og om korleis ei eventuell betydeleg auke i løyvingane bør gjevast. For riksveg løyvast midlane over statsbudsjettet kap. 1320 post 30. For fylkesveg inngår midlane i rammetilskotet gjennom særskild fordeling tabell C.
Eg vil understreka at NTP 2025-2036 inneber ei betydeleg høgare prioritering av skredsikring enn NTP 2022-2033. I Statens vegvesen si portefølje er viktige skredsikringsprosjekt lagt i planporteføljen, mens fleire svært store prosjekt som ikkje bidreg til skredsikring er lagt i utviklingsporteføljen. Når regjeringa no har fremma forslag til Stortinget om utbygging av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle viser vi at vi følgjer opp desse prioriteringane i gjennomføringa av planen.