Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Kan statsråden akseptere at Bufdir trenerer adopsjonssaker frå Columbia, slik at tildelte barn risikerer å miste moglegheita til å få ein trygg familie i Noreg?
Begrunnelse
Saka er basert på brev frå fire familiar som har fått tildelt barn frå Colombia, men der Bufdir har endra krava til dokumentasjon utan forvarsel, noko som har forseinka behandlinga av sakene. Dette har skapt stor uvisse og risiko for at Colombia trekkjer tilbake tildelingane. Bufdir har bede om direkte dokumentasjon frå colombianske styresmakter, noko som hindrar Adopsjonsforum i å gi naudsynt rettleiing og bistand. Dette bryt med adopsjonsforskrifta og skaper eit informasjonsvakuum. Dei omtala familiane får heller ikkje informasjon frå Bufdir om status på sakshandsaminga.