Birgit Oline Kjerstad (SV): Det er press i utleigesektoren og venta stor prisvekst, men stadig fleire slit med å betale husleiga som krevst for at eit byggeprosjekt skal går rundt reint økonomisk. Også bustader har slitasje og må fornyast etter eit tid, men det er ikkje saldoavskrivning på utleigebustader slik som for næringsbygg.
Kvifor er det ikkje innført saldoavskrivning på utleigebustader slik som for næringsbygg, og vurderer ministeren å innføre saldoavskrivning som eit grep for å få fart på bygginga av utleigebustader?
Begrunnelse
Det blir bygt færre bustader enn behovet. Trass i ein liten oppgang i januar er det venta lav byggetakt framover og høgt press i leigesektoren. Byggeverksemder legg ned siste tida har det vore reportajar i media som får fram kor stressande det er å få beskjed om enno ei auke i husleiga, og kor inngripande det ville vere for husstandar dersom borna må flytte fleire gonger og dermed måtte reise ifrå vener og skulen der dei går. Barn har berre ein oppvekst. Kirkens Bymisjon opplyser at SSB sine tal på familier som har store problem med å finne ein egna utleigebustad til ein pris dei har råd til, er kraftig aukande. Familier i midlertidige leigeforhold er tredobla sidan 2022. Utleigebustader er einaste alternativet for dei som har for låg inntekt til å få lån for å kjøpe seg bustad, og som heller ikkje kvalifiserer for å få startlån. Byggenæringa opplyser at materialkostnadane har auka kraftig siste åra, i tillegg til dyrare lån og usikker verdsøkonomi gjer det at risikoen ved å bygge aukar. Husbanken bekrefta under arrangementet Boligpulsen at å bygge utleigebustader ikkje er mogleg å rekne heim med dei rentene, auken kommunale avgifter og prisveksten på materialer på 30-50 %, som har vore siste åra. Samtidig er det eit skrikande behov for fleire rimelige utleigebustader både for unge, flyktningar med midlertidig opphaldsløyve og for eldre som treng å flytte til ein meir lettstelt bustad i området dei bur. Det seier seg sjølv at om dei som har behov for bustadane har for låge inntekter til å betale husleiga som må vere stor nok til å dekke kostnadane med bustadane, så vil det ikkje bli bygd utleigebustader. Skal kommunene greie å oppfylle plikta til å skaffe egna butad til alle som treng det, så må det takast grep på tilførselssida for behovet er stort og veksande.