Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1797 (2024-2025)
Innlevert: 29.03.2025
Sendt: 31.03.2025
Til behandling

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): NHO, Rekneskap Noreg og Revisorforeininga meiner skjemavelde kostar små og mellomstore bedrifter 20 mrd. kroner per år. Dei etterspør m.a. at staten (1) identifiserer og fjernar rapporteringsplikter som ikkje lenger er relevante eller vert brukte til noko, (2) fjernar dobbeltrapportering og (3) utviklar betre og meir samanhengande tenester på tvers av etatane.
Er næringsministeren i gang med å iverksetje desse tiltaka, og når kan bedriftene vente å få ei innsparing som fylgje av eit eventuelt slikt arbeid?

Begrunnelse

Norske bedrifter bør få bruke tida si på det dei er best på - å produsere gode varer og tenester med forteneste og gjernnom det skape verdiar og arbeidsplassar for AS Noreg. NHO, Rekneskap Noreg og Revisorforeininga er uroa for at bedriftene i staden må bruke tida på å fylle ut skjema for norske styresmakter. Eg deler den uroa. I dagens situasjon med aukande konkurranse mellom land er det viktigare enn noko sinne å syte for at norsk næringsliv har så gode vilkår som mogleg for å kunne hevde seg i den internasjonale konkurransen. Undersøkinga, som er den første av slaget sitt, er gjennomført blant medlemmene i dei tre organisasjonane og representerer norske bedrifter med inntil 100 tilsette. 1711 personar har svart i undersøkinga. Det er omfanget og tidsbruken ved rapporteringa som er mest krevjande for dei små og mellomstore bedriftene, dernest kompleksitet i regelverk og på tredjeplass utfordringar med teknologiske løysingar (manglande driftstryggleik og brukarsnitt). Bedriftene bruker mykje tid på rapportering. Små verksemder med éin til ti tilsette oppgir i snitt å bruke elleve timar i månaden. Fire av ti bedrifter opplever i høg grad å rapportere same informasjon til fleire offentlege instansar. 6 av 10 meiner at dei fleste rapporteringsløysingane har som formål å gjere det enklare for det offentlege meir enn for næringslivet. Små og mellomstore bedrifter oppgir til saman rapportering til 43 ulike etatar. Eg lurer på kva næringsministeren gjer med saka.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig