Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden gjera greie for kvifor ikkje reguleringsplan for E39 Ådland- Svegatjørn er lagt ut på høyring?
Begrunnelse
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland vedtok å setja i gang arbeidet med ein statleg reguleringsplan for E39 Ådland - Svegatjørn 6. september 2019. Sidan den gong har Statens vegvesen arbeidd med planen med store ressursar og innleigd konsulent, COWI AS. Det nærmar seg no 6 år sidan vedtaket.
Dagens regjering har lagt opp til at reguleringsplanarbeidet skal fullførast, men av årsaker det ikkje blir opplyst om blir arbeidet stadig utsett.
I svar til underteikna frå statsråden 4. september 2024, om framdriftsplan for arbeidet, svarer statsråden at planen skulle sendast over til departementet i hausten 2024. Det skjedde ikkje. Det vart derfor sendt over eit nytt spørsmål frå underteikna på nyåret med svar frå statsråden 8. januar i år. Her svarer statsråden at «det no er klart at oversending vil skje i byrjinga av 2025.»
Me nærmar oss påske. Eg ber difor statsråden gjera greie for kvifor ikkje planen er lagt ut til høyring.