Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1723 (2024-2025)
Innlevert: 23.03.2025
Sendt: 24.03.2025
Besvart: 28.03.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kan statsråden garantere at alle berørte kommunar og fylke, kvar for seg og i sum, vil bli fullt ut kompensert ved ei eventuell overføring av ansvar for bruvedlikehald m.m., jf. Vegdirektoratet sitt høyringsforslag, korleis vil i så fall vedlikehaldsetterslepet bereknast og kompenserast, og meiner statsråden at ei slik overføring av ansvarsforhold vil bidra til ei betre og meir effektiv forvaltning av desse bruene?

Begrunnelse

Syner til statsråden sitt svar av 21. februar d.å., knytt til Vegdirektoratet sitt høyringsforslag til forskrift om ansvarsforhold m.m. når offentlige veger krysser hverandre i samme plan eller ved overgangsbru eller vegundergang. Av svaret framgår at "Per i dag finst det ikkje tilstrekkeleg underlagsmateriale for å kunne berekne vedlikehaldsetterslepet på den enkelte bru" som forskrifta får verknad for.
I spørjetimen 5. mars i år svara Kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng underteikna at:

"Det er et etablert prinsipp, som ulike regjeringer har forholdt seg til, at kommuner og fylkeskommuner samlet sett skal kompenseres fullt ut for nye oppgaver. Dette er nødvendig for at kommunesektorens økonomiske handlingsrom skal opprettholdes. Kompensasjonen fastsettes med utgangspunkt i beregninger av de samlede kostnadene på innføringstidspunktet, og dette er den enkelte fagstatsråds ansvar."

Stenseng understreka vidare at:

"Det følger fra sektoransvarsprinsippet at den enkelte fagstatsråd – og nå snakker vi om samferdsel – er ansvarlig for å sørge for at hvis den enkelte statsråd pålegger nye oppgaver i egen sektor, må vedkommende også sørge for at det kompenseres, ut fra beregningene om det følger kostnader med den nye oppgaven."

Av dette følgjer tydeleg at kostnadene må bereknast før ei eventuell overføring av ansvar kan gjennomførast. Dernest er dette ei sak som egnar seg dårleg for generell kompensasjon til sektoren gjennom inntektssystemet. Antall bruer av den type det er snakk om i høyringsdokumentet frå Vegdirektoratet, og kostnaden ved desse, vil variere svært mykje mellom ulike kommunar og fylke i landet. Nokre kommunar har ikkje slike bruar i det heile, medan det for andre vil kunne vere store beløp. Dernest kjem spørsmålet om det i det heile er hensiktsmessig å overføre ansvaret for desse bruene. Bruene kryssar statleg veg, som ofte kan vere høgtrafikkerte vegar, er bygd av staten og vil som regel stå på statleg grunn. Det er vanskeleg å sjå at det vil vere ei effektiv løysing at einskildkommunar skal måtte bygge opp kompetanse for å sitte med ansvar for planlegging og gjennomføring av vedlikehald på desse bruene - i staden for at det Statens vegvesen framleis sit med samla ansvar for slik infrastruktur på dei vegstrekningar dei har det i dag.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen (SVV) har hatt forslag til revidert bruforskrift og ny vegklasseforskrift på høyring og jobbar no med å samanfatta høyringsinnspela.
Veglova er klar på at det er den som eig vegen som også eig brua. Det vil seia at kommunen har ansvar for bruene på det kommunale vegnettet, fylkeskommunen på det fylkeskommunale vegnettet, også om dei kryssar riksveg eller fylkesveg. Det er ikkje foreslått endringar i ansvarsforhold gjennom denne høyringa. Som det går fram av høyringsnotatet har det oppstått ein praksis der Statens vegvesen og nokre fylkeskommunar har utført vedlikehald på fleire bruer på kommunalt vegnett av omsyn til tryggleik og framkome på under- eller overliggjande riks- og fylkesveg. Eit av føremåla med forslaga er å korrigere praksis som ikkje er i tråd med ansvarsforholdet etter veglova.
Dagens bruforskrift for fylkesveg gir Vegdirektoratet ansvar for å fastsetja bruksklasse på fylkesvegbruer. Dette har Vegdirektoratet ikkje heimel til å gjera for bruer på det kommunale vegnettet. Forslaget til revidert bruforskrift søkjer å ivareta tryggleiken på riksveg og fylkesveg gjennom å påleggja kommunane å inspisera sine eigne bruer på kommunal veg, samt gi Vegdirektoratet myndigheit til å fastsetja bruksklasse på slike bruer.
Spørsmålet om kompensasjon avheng som nemnt i svar på spørsmål til skriftleg svar nr. 1252 av eit tilstrekkeleg underlagsmateriale for å kunne berekne vedlikehaldsetterslepet på den enkelte bru. For presise tal må kvar enkelt bru inspiserast og det må lagast ein plan for vedlikehald.
Høyringa av forslag til revidert bruforskrift og ny vegklasseforskrift er nettopp avslutta og Samferdselsdepartementet har ikkje mottatt SVV sin samanfatning av høyringsinnspela. Eg vil derfor ikkje forskotere departementet si vurdering av forslaget etter høyringa.