Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa har over lang tid gitt inntrykk av å ønskje ei satsing på reiselivet i Noreg. Etter snart fire år i regjering er det likevel få konkrete resultat av den uttrykte ambisjonen, og heller ingen konkrete planlagde tiltak eller mål for satsinga, utover auka skattar. Regjeringa.no si temaside for reiseliv er ikkje oppdatert sidan november, då regjeringa sende forslaget om innføring av turistskatt på høyring.
Korleis vil regjeringa konkret følgje opp si uttalte satsing på reiseliv, utover innføringa av ein turistskatt?
Begrunnelse
Både i Hurdalsplattformen og i regjeringa sin eksportstrategi "Heile Noreg eksporterer" er reiseliv trekt fram som eit prioritert satsingsområde. I mai i fjor sa statsråden sjølv at "Reiselivet ligger hjertet mitt nært.
Likevel ser det ut til at regjeringa si uttalte satsing på reiseliv har blitt redusert til eit forslag om å påføre norske reiselivsbedrifter auka kostnader gjennom mellom anna auke i formuesskatten som rammar norskeigde hotell hardt, og varsla innføring av ein ekstra "hotellskatt" (turistskatt) som m a utanlandske cruiserederi slepp.