Jenny Klinge (Sp): Franske myndigheiter innfører krav retta mot restaurantnæringa. Denne skal måtte tydeleggjera overfor restaurantkundane kva mat som inneheld reine råvarer og kva som eventuelt også inneheld ultraprosesserte varer av det som står på menyen/blir servert.
Meiner landbruks- og matministeren at tiltaket er aktuelt å gjennomføre her til lands òg?
Begrunnelse
Viss nordmenn vender tilbake til eit meir råvarebasert kosthald, vil det vera sunt for folkehelsa. Det vil også fremme norsk matproduksjon og matberedskap dersom mindre av maten nordmenn kjøper er importert halv- eller heilfabrikata og mindre ultraprosesserte varer blir konsumert.
Mange som bestiller mat på restaurant veit ikkje om at noko av maten kan vera ultraprosessert. Såleis kan dei ikkje velje denne bort dersom dei ønskjer det, og får heller ikkje nødvendig informasjon dersom maten inneheld stoff dei reagerer på og prøver å halde seg unna. Franske myndigheiter har dette tiltaket, som eg legg ved lenke til, som eg meiner bør vera aktuelt å gjennomføre her til lands òg.
Det vil vera positivt for å synleggjera kva restaurantar som tek matlaging på alvor og kva restaurantar som i praksis tek potensielt helseskadelege snarvegar på vegne av no uvitande kundar.
https://www.euronews.com/culture/2023/10/28/home-or-readymade-french-restaurants-forced-to-reveal-food-sources?fbclid=IwY2xjawJLzEJleHRuA2FlbQIxMQABHfPJdn1SBrFYCAvu6LoJbTztJn8YH0VJ3COVNkMx0z3IhLH-cjaXerTcpQ_aem_tqVXdbKUfaMHj_dfNj9raA