Jenny Klinge (Sp): Dersom vi skal nå målet om auka sjølvforsyning, må vi som eit absolutt minimum sikre at den no brakklagte matjorda kan og vil bli teken i bruk igjen. Vi bør også hindre attgroing der dette er i startfasen.
Kva for konkrete tiltak - i eller utanfor rammene av jordbruksavtalen - meiner statsråden bør gjennomførast for å sikre at den brakklagte matjorda igjen kan takast i bruk til produksjon av mat?
Begrunnelse
Matjorda vi har tilgang på i dag er ofte resultat av nordmenns strev og slit gjennom mange generasjonar. Dessverre gror mange flekkar med matjord att i løpet av få år. Det hastar å sikre at brakklagt jord ikkje gror att for å unngå å miste tilgang til mykje verdifullt areal som kan brukast til auke norsk matproduksjon og sjølvforsyningsgraden vår. Dette handlar om areal som etter attgroing både vil vera tidkrevande og dyrt å sette i stand til matproduksjon igjen, og som såleis også vil vera udugeleg i beredskapssamanheng.
Det beste er å få jorda i drift igjen til matproduksjon ved å stimulere til nettopp bruk. Også andre verkemiddel for å halde matjorda open til framtidig matproduksjon kan og bør vurderast. Eg ser for meg at dette hovudsakleg bør vera verkemiddel som er retta mot jordbruket og grunneigararne/gardbrukarane sjølve. Det kan likevel gjerne også vurderast verkemiddel retta mot andre aktørar der dette kan vera aktuelt og nyttig for å sikre føremålet om å halde brakklagt matjord i hevd. Poenget er uansett at det hastar med å gjennomføre eit krafttak for å bruke/sikre denne jorda til framtidig matproduksjon.