Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1699 (2024-2025) Innlevert: 21.03.2025 Sendt: 21.03.2025 Besvart: 28.03.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide
Ingrid Fiskaa (SV): Den politiske situasjonen i Bosnia-Hercegovina er svært spent. Delstatsleiaren Milorad Dodik ynskjer å lausriva Republika Srpska og har forsøkt seg på grunnlovsstridige vedtak om utestenging av bosnisk politi og rettsvesen, som svar på at han i februar vart dømd til eit års fengsel og seks års forbod mot offentleg embete. Norsk-bosniarar er bekymra for at Dayton-avtala frå 1995, som sørga for slutt på borgarkrigen, er i spel.Kva gjer utanriksministeren for å medverka til å stabilisera situasjonen i Bosnia-Hercegovina?
Espen Barth Eide: Den politiske situasjonen i Bosnia-Hercegovina er fastlåst og meir spent enn på lenge. Styresmaktene i Republika Srpska-entiteten (RS), leia av president Milorad Dodik, har den siste tida gjennomført fleire omstridte og lovstridige grep som bidreg til å undergrave statens integritet. Dodik vart i slutten av februar dømt til eitt års fengsel og mellombels utestenging frå embetet som entitetspresident for å ikkje etterkome Høgrepresentantens avgjersler. Lovvedtaka og dei politiske utspela frå leiande politikarar i RS skaper frykt og uro i samfunnet. Det internasjonale samfunnet må bidra til demping av spenningsnivået, og Europa har eit særleg ansvar. Ei eskalering av den politiske krisa og eit meir ustabilt Bosnia-Hercegovina vil få alvorlige konsekvensar, ikkje berre for Bosnia-Hercegovina, men også for regionen og resten av Europa. Noreg står saman med europeiske partnarar og USA samla i å oppmode alle politiske representantar i Bosnia-Hercegovina til å respektere landets institusjonar og la dei gjera jobben sin. NATOs generalsekretær Rutte gjesta nyleg Sarajevo for å stadfeste alliansens urokkelege støtte til Bosnia-Hercegovinas territorielle integritet og stabilitet. Han åtvara mot provoserande retorikk og handlingar som kan undergrave freden, og understreka NATOs forpliktingar til Dayton-avtalen. EUs militære operasjon i landet, EUFOR Althea, som skal bidra til stabilitet, er blitt styrkja. Norske styresmakter deler uroen over utviklinga i Bosnia-Hercegovina og har uttrykt vår tydelege og klare støtte til Bosnia-Hercegovinas territorielle integritet, suverenitet og konstitusjonelle orden. Vi følgjer utviklinga tett og har kontakt med alle relevante aktørar, ikkje minst gjennom vår ambassade i Sarajevo som no òg ivaretek rollen som kontaktpunkt for NATO i landet. Frå norsk side søkjer vi å bidra til å finne løysingar på utfordringane, samt tilrettelegge for framdrift for reformer, som kjem heile folket til gagn. Det er viktig å halde fast ved målet om at framtida til Bosnia-Hercegovina og landa i regionen ligg i tettare integrasjon med EU og NATO.Bosnia-Hercegovina har vore eit av landa på Vest-Balkan som har mottatt omfattande bistand frå Noreg dei siste tiåra. Noreg prioriterer prosjekt som går på tvers av etniske skiljeliner og som støttar det naudsynte reformarbeidet for at Bosnia-Hercegovinas skal lukkast med å bli tettare integrert med resten av Europa. Noreg har brei tillit i Bosnia-Hercegovina og vert rekna for å vera eit truverdig og venlegsinna land. Vår rolle gjennom mange år har vore å bruke denne tilliten til å søke løysingar gjennom dialog med alle relevante aktørar i landet. Regjeringen vil halde fram med dette arbeidet. I samarbeid med nære partnarar vil vi frå norsk side gjere det vi kan for å roe situasjonen.