Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1683 (2024-2025)
Innlevert: 20.03.2025
Sendt: 20.03.2025
Besvart: 26.03.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Noreg er elbil-land nr. 1. I 2025 skal alle nye bilar vere elbilar, og det er krav om elbil i drosjeløyve og offentlege bilkjøp. Likevel er ladeinfrastrukturen mange stader fråverande, til dømes i ytre del av Stad kommune i Vestland, eitt av landets mest populære reisemål om sommaren. Her er den einaste ladestasjonen fjerna, og kommune og offentleg eigde ladeselskap skuldar på kvarandre og driv «peikeleiken».
Kva vil Statsråden gjere for at det skal bli reelt mulig å lade elbil og bevege seg utsleppsfritt over heile landet?

Begrunnelse

Den tidlegare ladestasjonen i Selje/Stadlandet var eigd og driven av "Mer", som er eit selskap heileigd av staten gjennom Statkraft. Dei vil no ikkje lenger drive ladestasjon i Selje/Stadlandet utan at kommunen betaler for det. Eitt anna stort ladeselskap på Vestlandet, Eviny, er også heileigd av det offentlege (stat, fylkeskommune og kommuner) - men seier i media at det er unødvendig med ladestasjon på Stadlandet på grunn av "ikkje så lang avstand til Nordfjordeid og Måløy". Frå ytst på Stadlandet er det ca. 1 time og 30 minutt køyring til Nordfjordeid eller Måløy. Dersom offentleg eigde aktørar reknar så lang reisetid til næraste ladestasjon som "heilt greitt" - for ein region der det bur fleire tusen menneske og det er svært stor turisttrafikk om sommaren - då er det interessant å høyre om statsråden meiner dette er tilfredsstillande - og i tilfelle ikkje: Kva han vil gjere med det.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Dei siste åra har talet på offentleg tilgjengelege hurtigladarar for elektriske personbilar vakse kraftig, og kraftigare enn talet på elbilar. Mens det var 103 bilar per ladar ved utgangen av 2020, var det 83 bilar per ladar ved utgangen av 2024. Det betyr eit betre tilbod og færre og kortare ladekøar for bilistane. Tilbodet av hurtiglading veks stadig, og på reint kommersielt grunnlag. Veksten varierer mellom regionane.
Sidan 2015 har Enova hatt ulike støtteprogram retta mot ladeinfrastruktur for personbilar, mellom anna til ladeinfrastruktur i kommunar med færre enn to stasjonar frå før og til utvalde område kor elbilsatsinga ikkje var kome ordentleg i gong. Fleire lokale styresmakter har òg gitt tilskot til ladeinfrastruktur. Marknaden for hurtiglading av personbilar blir no rekna som moden, og Enova prioriterer tilskot til lading av lastebilar og bussar. Eg legg til grunn at vidare utbygging av hurtiglading for lette køyretøy vil skje på kommersielt grunnlag.