Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor ein EU-kontroll av norske bilar IKKJE kan gjennomførast i eit EU-land av godkjente verkstadar til slike kontrollar der?
Begrunnelse
Det er i dag her i landet krav om EU kontroll av bilar over ein viss alder. Disse kontrollane kan takast ved verkstadar som er godkjente for å kunne gjennomføre slike EU-kontrollar.
Så opplever enkelte som er i utlandet på langtidsferie at EU-kontrollen nærmer seg fristen for datoen dette skal vere gjennomført, og ønsker å ta denne EU-kontrollen i til dømes Tyskland, Spania eller i Italia.
Då får desse beskjed om at dei fint må køyre bilen tilbake til Norge, og at denne så kalla EU-kontrollen IKKJE kan takast i eit til dømes EU-land.
Med andre ord, ein eigar av ein Ford kan altså ikkje køyre inn på eit stort Ford-senter i til dømes Spania, Italia eller i Tyskland for å kunne gjennomføre ein EU-kontroll som er heilt lik i heile EU og som Norge også følger.