Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1655 (2024-2025)
Innlevert: 18.03.2025
Sendt: 18.03.2025
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden forklare kvifor staten ved AP-regjeringa setter Herøy kommune i "stikken" og springer ifrå rekninga, og lar ei lita kommune som Herøy sete igjen med heile rekninga på 9,1 million kr etter ein forskotteringsavtale med Kystverket og staten, i ei sak der staten ved Kystverket og statsforvaltaren heile tida har vore ansvarleg part i planarbeidet som kommunen har gjennomført på vegner av staten?

Begrunnelse

Utbedring/utdjuping av Fosnavåg havn har vore inne i fleire Nasjonale transportplanar.
Det har heile tida vore staten gjennom Kystverket som har stått for som oppdragsgjevar og har hatt ansvaret for å planlegge og gjennomføre utdjupingstiltaka ved Fosnavåg havn samt gjennomføre nødvendige undersøkinger og forarbeide.
Herøy kommune tok likevel på seg å svare initiativet frå Kystverket med å greie ut saka og gjennomføre nødvendige rapportar, og etter kvart fekk godkjent med Kystverket ein så kalla forskotteringsavtale med staten.
Avtalen om forskottering ligg sjølvsagt i ordet at dette skulle betalast attende frå staten til kommunen på eit tidspunkt når arbeidet var gjennomført og ferdigstilt.
Staten har gjennom Kystverket og Statsforvaltaren heile tida drege i trådane, lagt føringar og styrt prosessen.
Dei har inkludert utbetringane av Fosnavåg havn i Nasjonale transportplanar, kravd stadig nye undersøkingar, og stilt strenge krav til kommunen for kvart steg i prosessen.
Dette har resultert i fleire rapportar om udjuping av havna, miljørapportar og oppryddingsarbeidet som måtte gjennomførast, kravd spesielt av Statsforvaltaren.
Alt dette står kystverket som reell oppdragsgjevar for, og kommunen som gjennomførande og forskotterande part.
Statsforvaltaren har bede Herøy kommune trekke forskotteringsrolla i denne saka med bakgrunn i den økonomiske situasjonen til kommunen og risikoen ikring dette.
No har angjeveleg Nærings og Fiskeridepartementet samt Kystverket konkludert med at Herøy kommune IKKJE får refundert dei 9,1 million kr som kommune har forskottert på vegner av staten.
Når ei kommune tar på seg og får godkjent av staten å gjennomføre nødvendige tiltak for staten i ei forskottering, er det åpenbart praksis at staten gjer opp for seg og betalar attende til kommunen ei slik forskottering.
Rapportane og arbeidet som er lagt ned ikring Fosnavåg havne ligger der, og vil uansett vere grunnlaget og bli brukt av Kystverket i framtida, alt anna vil vere utenkjeleg.
Såleis er dette svært uryddig og direkte useriøst av regjeringa, som fyrst godkjenner ei forskottering for så i ettertid springe ifrå rekninga, og lar ei lita kommune sete igjen med heile rekninga.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig