Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Korleis vil statsråden sikre ei hensiktsmessig framdrift for prosjektet E18 Retvet-Vinterbro, i tråd med Nasjonal Transportplan 2025 - 2036 der prosjektet er føresett ferdigstilt i løpet av planperioden, herunder sørge for at Statens vegvesen prioriterer naudsynte midlar til ferdigstilling av grunnerverv slik at det kan sendast ekspropriasjonsvarsler innan fristen hausten 2026?
Begrunnelse
Strekninga Retvet-Vinterbro gjennom Nordre Follo og Ås er den siste gjenståande delstrekninga av E18 mellom Vinterbro og Ørje som ikkje er ferdig utbygd. Strekninga er prega av stor og aukande trafikk, mange av- og påkøyringar og trafikkfarlege punkt. Både lokalbefolkninga og andre brukarar av vegen har venta i lang tid på ein ny og trafikksikker veg.
E18 Retvet–Vinterbro er eit av vegprosjekta som Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjering prioriterte inn i Statens vegvesen si planportefølje i Nasjonal Transportplan 2025 - 2036. Det inneber at prosjektet er fullfinansiert i planen og er føresett ferdigstilt i løpet av tolvårsperioden. Statens vegvesen har ansvar for å sikre ei hensiktsmessig framdrift i prosjektet, som hindrar at det påløp unødig tidsbruk og kostnader, og som i verste fall gjer at prosjektet ikkje kan ferdigstillast innafor tolvårsperioden. Det kritiske punktet på kort sikt knytt til dette er å få gjennomført gjenståande grunnerverv. Dersom dette ikkje skjer innafor fristen, vil det kunne medføre betydelege forseinkingar i den vidare prosessen.
Reguleringsplanen for prosjektet vart vedteken i oktober 2016. I eit brev til statsråden frå Ås kommune ved ordførar Bengt Nøst-Klemetsen 4. mars i år, vert det understreka at:
"Vi står overfor en kritisk milepæl, da ekspropriasjonsvarsler må sendes før fristen for å opprettholde ekspropriasjonsretten som i ifølge plan- og bygningsloven må være utløst innen 10 år etter at reguleringsplanen ble vedtatt. Jeg ber derfor om at Samferdselsdepartementet/statsråden gir Statens vegvesen det nødvendige mandatet og de nødvendige midlene til å fullføre grunnervervsprosessen og sikre at prosjektet kan fortsette uten ytterligere forsinkelser."
I brevet vert det vidare synt til at Statens vegvesen har meldt at grunnervervprosessen for prosjektet er stansa grunna manglande midlar. Dette framstår særs spesielt, all den tid prosjektet som tidlegare nemnt er del av Statens vegvesen si planportefølje, og at fullføring av grunnerverv utgjer ein relativt liten, men nødvendig kostnad for å sikre at ein unngår forseinkingar og unødvendige kostnader i den seinare prosessen. Dette handlar om førebuande arbeid, og ikkje om oppstart av sjølve utbyggingsprosjektet, som vil ligge fram i tid.