Erling Sande (Sp): Kor mange mandat vil Sogn og Fjordane miste om Frp får gjennomslag for at fordelinga av mandat berre blir rekna ut frå innbyggjartal?
Begrunnelse
I dag har Sogn og Fjordane og andre fylke med stort areal auka representasjon på Stortinget ved at både innbyggjartal og areal blir lagt til grunn for utrekninga av mandat frå valdistriktet. Dette er viktig for å sørgje for god representasjon av heile Noreg på Stortinget. Frp ønskjer å svekke dette prinsippet, og i utkast til nytt partiprogram skriv dei at dei "vil at enhver avgitt stemme ved stortingsvalg skal telle likt". Dette må vel bety at det berre er innbyggjartalet i eit valdistrikt som skal ligge til grunn for mandatutrekninga.