Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1593 (2024-2025)
Innlevert: 14.03.2025
Sendt: 14.03.2025
Besvart: 21.03.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Medan ni av ti nye norske bussar er kinesiske, ifylgje Teknisk Ukeblad, forhindrar svensk regelverk kjøp av bussar frå Kina.
Vil samferdsleministeren endre norsk regelverk slik at det vert like strengt som det svenske?

Begrunnelse

Kina har ein annan måte å operere på enn det vi er van med, også når det gjeld det som elles er vanleg kommersiell verksemd. Det er reist spørsmål ved om Kina kan ha høve til å slå av kinesiskproduserte bussar som måtte vere kjøpt inn av m.a. norske fylkeskommunar eller deira underleverandørar. I så fall vil det kunne føre til trafikkaos i lang tid. Viss det vert kjøpt inn mange kinesiskproduserte bussar vil det kunne utgjere ein reell trugsel mot samfunnstryggleiken i Noreg. I Sverige har ein også vore oppteken av at arbeidarene sine rettar ikkje vert ivaretekne ved tilverkinga av bussane i Kina. Dette er eit problem i seg sjølv ut frå omsynet til dei arbeidarene det gjeld og menneskerettane, men betyr også at dei kinesiske produsentane ikkje tevlar på same vilkår som t.d. europeiske produsentar. Vidare er også omsynet til klima og miljø sjølve rasjonalet for at norske fylkeskommunar kjøper inn elektriske bussar i staden for velutprøvde dieselvariantar, og då vert det jo litt merkeleg om regelverket ikkje tek omsyn til at det inneber store klimautslepp og potensielt miljøydeleggingar å importere bussar frå den andre sida av jorda der det er lang transportveg og truleg er dårleg miljø- og klimastandardar på produksjonen. I sum finst det fleire grunnar og breitt grunnlag for å kunne innføre tiltak som gjer at kinesiskproduserte bussar ikkje vil rulle på norske vegar i det omfanget det no ser ut til at vi risikrerer. Likevel er det inntrykket mitt at samferdsleministeren sit på hendene sine og ikkje føretar seg noko i dette som er ei viktig problemstilling ut frå norsk samfunnstryggleik, men også av omsyn til arbeidarrettar, rettferdig handelspraksis, klima og miljø. 

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er viktig at offentlege innkjøp ikkje bidreg til eller nyttar leverandørar i leverandørkjeda som bryt grunnleggjande menneskerettar. Innkjøpsregelverket pålegg difor offentlege oppdragsgjevarar å ha eigne rutinar for å fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar ved dei innkjøpa der det er ein risiko for brot på slike rettar. Oppdragsgjevar er meint å følgje opp rutinane i dei enkelte innkjøpa. Offentlege oppdragsgjevarar kan difor gjennom sine innkjøpsprosessar bidra til å hindre brot på grunnleggjande menneskerettar.
Regjeringa har i Meldt. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen varsla at den vil klargjere moglegheita for å stille krav til tryggleik og beredskap i offentlege innkjøp for å ivareta beredskapsomsyn og nasjonale tryggleiksinteresser. Regjeringa vil òg bidra til god rettleiing om tryggleik og beredskap i offentlege innkjøp, som mellom anna identifiserer kategoriar av innkjøp der det er særleg viktig å stille krav til tryggleik og beredskap.
Regjeringa fører ein interessebasert politikk i alle spørsmål som gjeld Kina, og vi skal samarbeide og ha dialog med Kina på fleire område. Vår tilnærming overfor Kina er basert på våre interesser og verdiar. Samstundes skal vi av omsyn til nasjonal tryggleik utvise forsiktigheit overfor Kina. På visse sensitive område skal samarbeid unngåast. Vi skal redusere risiko og vår avhengnad av kinesiske aktørar.
Anskaffelsesutvalget har i dei to utgreiingane NOU 2023: 26 og NOU 2024: 9 Ny lov om offentlige anskaffelser føreslått endringar i regelverket om offentlege innkjøp. Blant forslaga er å gjere det meir tydeleg at ein kan å ta omsyn til tryggleik og beredskap i offentlege innkjøp. Regjeringa arbeider med følgje opp forslaga frå utvalet.