Geir Pollestad (Sp): Sparebankane har ei unik rolle i den norske banksektoren og bidreg til å sikre finansiering til folk og næringsliv også i område der dei største bankane er mindre til stades. Senterpartiet i regjering var oppteken av å styrkje sparebankane, ikkje minst gjennom å sikre dei like konkurransevilkår som dei større bankane.
Kva ynskjer finansministeren å gjere for å styrkje sparebankane frametter?
Begrunnelse
Noreg har ein mangfaldig banksektor med ein stor norsk bank, store filialar av utanlandske bankar, små nisjebankar og ikkje minst ein stor og i seg sjølv diversifisert sparebanksektor. Alle dei ulike kategoriane bankar har ei viktig rolle å spele i det som i sum er ein velfungerande banksektor som har tent og tener Noreg godt. Sparebankane er kanskje den delen av norsk banksektor som særmerkjer Noreg mest samanlikna med andre land. Sparebankane speler ei heilt grunnleggjande rolle for å leggje til rette for livskraftige lokalsamfunn i heile Noreg, og er såleis noko av det som gjer Noreg til Noreg. Som i andre land, er dei største bankane i Noreg ofte mindre opptekne av små marknader i distrikta enn dei store marknadene i dei største byane. For å sikre busetjing, livskraft og verdiskaping, og gode banktenester og finansiering for folk og næringsliv i heile Noreg, treng vi sparebankane. Norske sparebankar har gjennomgåande sterk lokal forankring og god lokalkunnskap. Gjennom kunnskap og erfaring er dei ofte i stand til å gje skreddarsydd finansiering til lokalt næringsliv, og undersøkingar indikerer at slike bankar både kan gje større lån og lån med betre vilkår enn andre bankar til prosjekt i sine nærområde. Det at bankane er mindre i storleik og meir fokusert også på mindre kundar, kan gje ein meirverdi for samfunnet i stort. Sparebankane bidreg også til lokalsamfunn i heile Noreg, i bygd og by, med støtte til ulike samfunnsnyttige føremål. Slik sett bidreg dei til å skape sosiale møteplassar og til å skape trygge og tette lokalsamfunn i heile Noreg.