Lisa Marie Ness Klungland (Sp): Kva vil regjeringa gjera for å sikra låge og stabile straumprisar til små og mellomstore bedrifter med variabel/sesongavhengig straumforbruk eller forbruk under ein million KWh årleg?
Begrunnelse
Ap har kome med eit forslag til fast pris for hushaldingar og hytter. Privatpersonar har hatt straumstønad sidan hausten 2021, i tillegg til landbruk og garneri. Dei største industribedriftene har ofte langsiktige fastprisavtalar. Men kva med dei små- og mellomstore bedriftene? Bedrifter som ofte har små marginar, bedrifter som ofte ikkje har svære organisasjonar i ryggen eller investorar som kan skyta inn midlar. Bedrifter der kanskje kvar krone tel.
Desse har blitt hardt råka sidan 2021, og dei uforutsigbare og høge straumprisane har gjort at nokre har fått kroken på døra. Andre held ut så godt dei kan. Veldig mange av desse bedriftene kjem ikkje innanfor dei eksisterande fastprisavtalane i dag. Nokre av dei fordi dei er sesongbaserte, andre fordi dei ikkje kan garantera for stort nok volum. Senterpartiet har sagt at næringslivet og organisasjonslivet må vera med på Norgespris-forslaget til regjeringa. Dette har me ikkje blitt møtt på. Eg hadde håpa til siste slutt at Ap ville inkludera næringslivet og organisasjonslivet då forslaget om Norgespris blei sendt på høyring. Bekymringa for straumkostnadane for dei som står utanfor Ap sin Norgespris er store og mange.