Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

Dokument nr. 15:1547 (2024-2025)
Innlevert: 10.03.2025
Sendt: 10.03.2025
Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren
Besvart: 14.03.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Statsforvalter i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus er Norges største statsforvalterembetet. Statsforvalteren måtte gå av etter rettsikkerhetsskandalen der 1 000 saker var ubesvarte heilt tilbake fra 2019. Sårbare grupper står no i fare i klage- og saksbehandlingskø.
Kva gjer statsråden sikre at statsforvaltarne i Norge, Kongens representant i distrikta, har ressursar så vi kan unngå slik at rettsikkerheitsbrot i framtida?

Begrunnelse

Statsforvaltarane har ei viktig rolle med å ivareta rettstryggleiken til innbyggarane i Norge, men skal dei kunne utføre sitt oppdrag så må det vere ressursar til å utføre oppdraget. Statsforvaltern i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus måtte gå av fordi det var store mengder saker som ikkje var handsama i regionen.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Det er svært viktig at pasientklager vert handsama raskt, både av omsyn til klagaren sjølv og for å bidra til tryggleik for pasientar og kvalitet i helse- og omsorgstenesta. Det er derfor sett i verk fleire konkrete tiltak for å betra rammevilkåra for statsforvaltarane, samstundes som rettstryggleiken og føremålet med tilsyn vert vareteke.
I 2024 fekk Helsedirektoratet eit oppdrag (TB-2024-38) om å vurdera mellom anna «Helsedirektoratet skal vurdere status, saksbehandlingsrutiner og -praksis hos statsforvalterne knyttet til tvangsmedisineringsvedtak, med tanke på hvorvidt embetenes arbeid på dette området harmonerer». Departementet arbeider no med oppfølginga av rapporten etaten leverte.
I 2024 fekk Statsforvaltaren i Vestland ei tilleggsløyving på 5 mill. kroner for å dekkje ekstrakostnader knytt til at Statsforvaltaren var setjestatsforvaltar i den såkalla Spydebergsaka. Dette for å hindra at den spesielle og svært krevjande saka skulle gå ut over sakshandsamingstidene i andre saker.
Til den konkrete situasjonen hos Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus, har Helse- og omsorgsdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet oppfølging av embetet om aktuelle tiltak, i samråd med Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet.
Eg vektlegg elles å avgrensa oppgåvemengda til statsforvaltarane, slik at dei kan vareta lovpålagde oppgåver på ein forsvarleg måte. Eg arbeider også for ein meir berekraftig ressurssituasjon for statsforvaltarane på sikt.