Jenny Klinge (Sp): Vil helseministeren gå inn for å forenkle måten utfylling og innsending av krav om dekning av pasientreiser kan gå føre seg på i praksis, med sikte på at folk faktisk kan få det dei har krav på utan uforhaldsmessig mykje prakk?
Begrunnelse
Når pasientar har møtt til time for undersøking eller behandling, blir det så vidt eg forstår registert i systemet og burde kunne finnast att inne på Helsenorge-nettsida når ein loggar inn der. Men når ein går inn i «pasientreiser» på Helsenorge for å få att pengar, må ein sjølv fylle inn kva datoar reiserekningane skal gjelde for.
Gitt at mange som skal ha att pengar for nettopp pasientreiser er sjuke menneske, og pengane dei skal ha att er noko dei har krav på å få att, er det ikkje urimeleg at systemet legg opp til at det er enklast mogleg å få att desse pengane. Altså at dei skal sleppe å måtte finne ut sjølve kva datoar dei har møtt til timar, når dette kan løysast på anna vis. Det vil derfor vera føremålsteneleg og enklast dersom timar ein allereie har møtt til kjem opp automatisk på ei liste når ein loggar inn på Helsenorge-nettsida.
Dessutan burde det vera mogleg enkelt å søkje om å få dekt ein minstetakst utrekna på grunnlag av reiser frå folkeregistrert adresse til behandlingsstaden. Dette burde vera eit enkelt alternativ der ein kunne godta minstetakst utan å måtte fylle inn noko meir. Legane bør for kvar oppmøtt time kunne krysse av for om ein har rett til å køyre sjølv/bli køyrt, slik at ein får ein minstetakst basert på kilometeravstand i dei tilfella (helst også ferje og bom) og busstakst viss ikkje. Slik vil mange som no slit med å fylle ut skjema eller som ikkje har tid til dette - og mange som no gir heilt opp å søkje, enkelt få dekt nettopp ein minstetakst. Ei slik enkel løysing må ikkje koma i staden for andre forenklingar i opplegget for å levere krav om dekking av pasientreiser sjølvsagt.
Eg har tidlegare etterspurt om det er mogleg å levere forenkla reiserekning for pasientreiser ved at ein kan søkje om dette samtidig som ein betaler for timar på betalingsautomat der ein har vore til undersøking eller behandling, jamfør skriftleg spørsmål stilt i 2021: Dokument nr. 15:1128 (2020-2021)
Det er ønskeleg at helseministeren i svaret sitt oppdaterer meg om kva som eventuelt har skjedd av forbetringar og forenklingar sidan då, og om løysinga eg skisserte då kan vera aktuell å vurdere igjen no, samt om framlegga over er aktuelle. Eg håpar statsråden vil påskunde fleire forenklingar, sidan det ikkje er godt nok det som finst i dag.