Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for status for Stortingets vedtak om at regjeringa skulle lage ein forpliktande handlingsplan for lindrande behandling og omsorg, og korleis dette og dei andre stortingsvedtaka i Innst. 73 S (202-2021) er fulgt opp?
Begrunnelse
I eit tid der pasienter med kroniske og alvorlege diagnosar kan bli skremt av debatten om aktiv dødshjelp, er det viktigare enn nokon gong å ha fokus på det lindrande arbeidet og tilbodet om dette i heile landet. Ved behandling av St. meld. 24 (2019-2020) gjorde Stortinget eit klart vedtak om ein eigen handlingsplan for å sikre ei tydeleg prioritering av det palliative tilbodet, blant anna med ein forpliktande handlingsplan og ein gjennomgang av finansieringsordningane, og å etablere ein eigen påbyggingsspesialitet i palliativ medisin.