Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1475 (2024-2025)
Innlevert: 05.03.2025
Sendt: 06.03.2025
Besvart: 13.03.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare korleis eit tenkt forbud mot varsling av veiforhold og kontrollar skal kunne foregå i praksis, kva politiressurser ein trenger til dette, og ikkje minst kvifor politiet ikkje er meir synleg ute i trafikkbildet?

Begrunnelse

Politiet bør ha ei viktig rolle i trafikken for å forebygge farlige situasjoner, og vere synleg i trafikkbildet som også virker forbyggende.
Politiet varsler alle sine større trafikkontroll kampanjar i god tid og kvar desse er, sjølvsagt for å kunne forebygge samt virke preventivt. Det same gjelder sjølvsagt kontrollør med fotoboksar og strekningsmåling som ALLTID skal varslast.
No foreslår regjeringa å forby varsling av vegforhold inkludert kontrollar, og har tenkt å bøtelegge dette med heile 10 200 kr.
Korleis ein har tenkt å håndheve dette er for mange svært uforståeleg, då det pr i dag er mange ulike trafikkvarslingssystem, slik som Safedrive, Google map samt mange ulike apper. Korleis politiet har tenkt å kunne håndheve eit slikt forbud, vil uansett legg beslag på betydelige politiressurser som sårt trengs brukt på verkeleg reell kriminalitet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg må igjen presisere at det ikkje er lagt fram forslag om å forby varsling av til dømes veg- eller trafikkforhold, dyr eller andre hindringar i vegen. Representanten fekk svar på dette i spørjetimen, og det er difor underleg at representanten gjentek denne påstanden. Slike varslingar kan vere positivt for trafikktryggleiken, og skal sjølvsagt framleis vere tillate. Framlegget som er sendt på høyring, gjeld berre forbod mot varsling av politiet og Statens vegvesen sine kontrollar langs veg.
Føremålet med framlegget er å bidra til at dei ressursane som politiet brukar til kontroll bidreg effektivt til auka trafikktryggleik ved å oppdage og reagere mot trafikkfarleg åtferd på vegane våre.
Viss trafikantane veit kvar og når politiet er til ein kvar tid, tilpassar dei åtferda på desse punkta, men kan køyre med høg vissheit om at dei ikkje blir kontrollert andre stader. Slik varsling er openbart særs nyttig informasjon for til dømes dei som køyrer ruspåverka eller utan respekt for fartsgrensene, og dei som utfører anna kriminalitet og då forflyttar seg i bil.
Eg ser ikkje at det er ein fordel eller ein god ting for samfunnet vårt å tillate at dei som ikkje følger lover og reglar, og slik set andre og seg sjølv i fare, skal kunne gjera dette utan risiko for å bli oppdaga.
Umelde trafikkontrollar er særs viktige for at politiets kontrollverksemd effektivt kan bidra til å førebyggje trafikkulykker og nedkjempe farleg trafikal åtferd. Utstyr som kan gjere det lett å unndra seg kontroll ved å få varsel om kontrollar, undergrev denne verksemda, gjer dårleg ressursutnytting og set både førarar som bruker dette, og andre trafikantar i fare.
Eg vil presisere at sjølv om politiet i einskilde høve informerer til dømes om auka generell kontrollaktivitet i visse større områder eller visse periodar, så varslar dei sjølvsagt ikkje i detalj om eksakt kvar og når dei gjennomfører kontrollar.
Det er viktig å ta inn over seg at fartslovbrot er medverkande årsak til om lag kvar tredje dødsulukke på vegane våre, og at rus er medverkande årsak til om lag kvar fjerde dødsulykke i trafikken. Dette er betydelege trafikktryggleiksutfordringar.
Det vert køyrd om lag 140 000 turar med ruspåverka førar dagleg i Noreg. Det vil seie at nordmenn køyrer fem gangar rundt ekvator kvar dag påverka av alkohol eller anna rusmiddel. Politiet testar difor rutinemessig for rus i trafikkontrollane. Da er det sjølvsagt særleg viktig at vi ikkje har varslingstenester som gjer det mogleg for personar som køyrer i rusa tilstand å unndra seg kontroll.
Dei fleste trafikantane i Noreg er lovlydige – og eg legg til grunn at dei fleste vil innrette seg etter eit eventuelt forbod. Politiet vil kunne gjennomføre kontroll av dette forbodet i samband med alminnelege kontrollar, og dei vil relativt enkelt kunne sjå om det er installert utstyr som kan varsle om kontrollar i en bil som blir stoppa for kontroll. For å effektivisere oppfølginga av forbodet er det foreslått at politiet skal kunne gje forenkla førelegg til førar der slikt lovbrot blir avdekt ved kontroll langs veg. Størrelsen er foreslått til 10 200 kroner, som er på nivå med bøtenivået for brot på gjeldande forbod mot utstyr som forstyrrar kontrollane. Eit forbod mot å tilby tenestene vil politiet kunne fylgje opp direkte overfor aktuelle tenestetilbydar. Dette vil vere få aktørar og er foreslått følgd opp i politiet sin ordinære straffesaksoppfølging.
Tiltaket vil samla sett bidra til at dei ressursane politiet bruker til trafikkontroll blir brukt meir effektivt. Eg viser elles til at regjeringa i NTP har varsla forsterka innsats innanfor kontroll og handheving i trafikktryggleiksarbeidet.