Ingrid Fiskaa (SV): Nammo varslar nok ein gong om at selskapet ikkje får den straumen dei treng for å auka våpenproduksjonen. I staden går straumen til datasenter for det kinesiske selskapet TikTok.
Meiner energiministeren at dette er ei god prioritering, og kor fort kan regjeringa få på plass eit system for prioritering av kraft til nødvendige samfunnsfunksjonar og kritiske kapasitetar i totalforsvaret?
Begrunnelse
Dagens Næringsliv skriv 3. mars om at Nammo har hamna bak TikTok i køen for å få tilgang på straum. Saka er på ingen måte ny. Allereie i mai 2023 skreiv ein samla utanriks- og forsvarskomite dette:
"Komiteen viser til at det er et stort behov for økt produksjonskapasitet og for å øke beredskapslagrene av ammunisjon. Komiteen understreker at det er mange innsatsfaktorer i fremstillingen av ammunisjon, og at regjeringen må sikre at det blir reell økning i produksjonskapasiteten. Dette inkluderer sikker tilgang på strøm for NAMMO. Komiteen mener det er behov for å sette beredskapshensyn først når det gjelder NAMMOs tilgang på energi til produksjon av ammunisjon."
Men framleis tilseier dagens prinsipp for tildeling av kraft at det er førstemann til mølla som gjeld. Samfunnsnytte eller beredskapsomsyn blir ikkje lagt vekt på. Dette systemet er utgått på dato, og regjeringa har hatt god tid på seg til å føreslå eit nytt system.