Skriftlig spørsmål fra Lisa Marie Ness Klungland (Sp) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1445 (2024-2025)
Innlevert: 02.03.2025
Sendt: 03.03.2025
Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren
Til behandling

Lisa Marie Ness Klungland (Sp)

Spørsmål

Lisa Marie Ness Klungland (Sp): Korleis vil statsråden følga opp fylker som ikkje gjennomfører tiltak vedteke i Stortinget?

Begrunnelse

Den 18. februar bestemte det borgarlege fleirtalet i Rogaland at innbyggjarar mellom 25 og 28 år ikkje får 75 % rabatt på tannhelse, til trass for at dette er vedteke i Stortinget og Rogaland har blitt løyva 36 millionar til dette føremålet. Det borgarlege fleirtalet i Oslo har bestemt seg for det same. Grunngjevinga begge stadar er at rabattordninga ikkje er lovfesta. Midlane er gjeve som frie inntekter, slik det er praksis for å gjera i Noreg.

Som eit resultat av dette måtte fylkeskommunen senda ut 1300 SMS’ar til folk i denne aldersgruppa som har bestilt time. Konsekvensen vil vera at fleire av desse avlyser og utset å gå til tannlegen. På Universitetet i Stavanger har dei bygd eit flott studenthus med tannlege i 4. etasje. Det er urettferdig at det er studentar i Stavanger som må betala full pris for tannlege, medan studentar i Bergen får rabatt.

Noko tilsvarande skjedde då det borgarlege fleirtalet i Rogaland bestemte seg for å innføra betaling på dei gratis ferjene. Den tidlegare kommunalministeren Erling Sande (Sp) sendte då brev om at midlane kunne bli fråteke fylket om dei ikkje blei nytta til rett føremål, med frist om å gjennomføra innan 1. mai i fjor. Etter mykje om og men tok det borgarlege fleirtalet då vekk betalinga på ferjene.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig