Nils T. Bjørke (Sp): Skogbruket er ei viktig distriktsnæring i Noreg og aktivt skogbruk gjer at skogen netto tek opp om lag ein tredjedel av Noregs samla klimagassutslepp.
Korleis vil Regjeringa sikra at kommunane ikkje legg uhensiktsmessige og uheimla begrensningar på skogbruk gjennom bruk av omsynssonar etter plan og bygningslova?
Begrunnelse
Auka bruk av skogen og auka planting av skog er avgjerande i alle FNs klimapanels scenariar som gjer at me når 1,5 - 2 graders måla. omsynet til friluftslivet og naturmangfold i skogen er godt ivareteke både gjennom krav i lovverket og ytterlegare krav i miljøsertifiseringsordningar for skog. I tillegg bidreg ordninga med frivillig vern av skog til vern av områder som er spesielt viktig for naturmangfoldet. Mange kommunar er no i gang med å rullera sine arealplanar og skogbruket opplever at det både bevisst og ubevist vert lagt sterke begrensingar på aktivt skogbruk med at store areal vert lagt ut som omsynssonar for natur og friluftsliv etter plan og bygningslova. Til dømes har Oslo kommune føreslått å legga 42 prosent av skogen i omsynssone natur, med sterke begrensningar på skogbruk, som det ikkje er heimel for. Skal me lykkast med å skapa arbeidsplassar, verdiskaping og karbonbinding må skogen takast i bruk og skogbrukspolitikken væra nasjonal.