Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:1417 (2024-2025)
Innlevert: 27.02.2025
Sendt: 28.02.2025
Besvart: 07.03.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Gitt at statsråden er samd i at Deltakarlova sin intensjon er å forebygge konsentrasjon av eigarskap og rettigheiter hos enkeltaktørar og å unngå at norske ressursar hamnar på utanlandske hender, korleis ser ho på den aktuelle problematikken kring konsesjonar til krillfiske i Antarktis?

Begrunnelse

Fiskeridirektoratet har gjeve sju konsesjonar til krillfiske i Antarktis. Tre av desse konsesjonane er i bruk i dag. Alle desse, samt ein som enno ikkje er teken i bruk, høyrde til Aker Biomarine AS. I fjor var både fartøy og konsesjonar selde til eit nytt selskap der amerikanske American Industrial Partners har kontrollen. Det betyr at alle operative konsesjonar er under utanlandsk kontroll. Nærings- og fiskeridepartementet har no ei sak til vurdering der dette salet skal vurderast i forhold til deltakarlova.
Selskapet Rimfrost har to konsesjonar som mellom anna vart gjeve for å sikre teknologisk mangfald i haustemetodane. Desse er førebels ikkje tekne i bruk. Men eit skip for å nytte ny teknologi, med betre ressursutnytting og lågare klimaavtrykk er bestilt. No framstår det som Aker også vil nytte opsjon på dette skipet og nytte det med dei eksisterande fangstmetodane for sin fjerde konsesjon. Det vil i så fall gje dei ein endå meir dominerande posisjon, og kunne bremse teknologiutviklinga på dette området.
I praksis er situasjonen dermed slik at eit utanlandsk-kontrollert selskap i dag er i ferd med å få monopol på utnyttinga av norske krillressursar i Antarktis. Dette er slik eg ser det i strid med deltakarlova. At norske fiskeriressursar no er under utanlandsk kontroll er i seg sjølv særs bekymringsfullt, og må handsamast politisk. For å sikre sterk norsk representasjon i Antarktis bør styresmaktene også bidra til at meir enn ein aktør kan delta i fisket. Som kjent var dette også ein føresetnad da konsesjonane blei utlyst.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Deltakarlova skal mellom anna bidra til at inntektene frå fiske på norske løyve og kvotar kjem norske statsborgarar til gode. Det er særleg nasjonalitetskravet i deltakarlova § 5 som medverkar til dette, mellom anna ved å stille krav om 60 prosent norsk eigarskap i selskap som skal drive ervervsmessig fiske og fangst. Eg er glad for at det synest å vere brei politisk semje om at slike grunnleggjande føresegner i deltakarlova skal liggje fast.
Fiskeriforvaltninga bruker ein god del ressursar på å kontrollere at nasjonalitetskravet i deltakarlova vert etterlevd, både ved handsaming av søknadar om tildeling av løyve og godkjenning av eigarendringar etter deltakarlova, og ved løpande kontroll av om regelverket vert etterlevd. Det er i fleire saker behov for å undersøkje nærare ikkje berre det formelle eigarskapet i reiarlaga, men også kven som har den reelle makta over selskapet, og kven som finansierer verksemda. Dette kan ofte vere tidkrevjande og komplekse saker.
Det er riktig som representanten peikar på at departementet ser nærare på ei tidlegare godkjend eigarendring i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS, men eg har ikkje trekt konklusjonar enno. Ettersom dette er ei pågåande sak i departementet, kan eg ikkje gje ytterlegare kommentarar.