Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva vil ministeren gjere for å sikre at drifta av offentlege tenester og offentleg forvaltning er i tråd med personvernlovgjevinga dersom USA bryt sin del av Transatlantic Data Privacy Framework -avtalen med EU?
Begrunnelse
27. januar avsette President Donald Trump dei tre Demokratiske representantane i organet Privacy and Civil Liberties Oversight Board, og lot vere å innsette ein ny representant i eitt av dei ledige seta til Republikanerne. Konsekvensen av dette er at organet ikke lenger har nokon fullverdig representasjon, og at organet ikkje kan gjere jobben sin. Dette gjer at det også er uvisse om dette organet vil vere politisk uavhengig i tida framover. Dette organet er garantisten for oppfylgjing av personvernet i dataavtalen mellom USA og Europa på amerikanske digitale plattformer, og dermed også mellom Norge og USA. Utan eit uavhengig Privacy and Civil Liberties Oversight Board, så er avtalen om datautveksling broten. Kva som skjer med organet er uklart, men dersom avtalen ikkje lenger er gyldig, så vil bruk av amerikanske digitale løysinger som gir tilgang til personopplysninger, være i strid med norsk og europeisk personvernlovgivning (GDPR).
Google, Microsoft og andre amerikanske selskap vil kunne vere ulovlege å bruke for alle som handsamar personopplysninger på grunn av dei politiske grepa Trump- administrasjonen har teke for å fjerne reguleringer. Dette gjelder nesten all offentleg forvaltning og dei fleste offentlege tenestene i Norge.