Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kan statsråden garantere at eurovignettdirektivet, som skal sikre at utanlandske køyretøy reelt må betale bompengar i Noreg, kjem til å tre i kraft i Noreg innan 1. januar 2026, og viss han ikkje kan gje slik garanti, vil han ta andre grep for å motverke utfordringa med at stadig fleire rumenske varebilar rullar på norske vegar utan å betale bompengar?
Begrunnelse
Statssekretær Tom Kalsås i Samferdsledepartementet sa til NRK 24. februar at problemet med at utanlandske køyretøy ikkje betaler bompenger "snart kan være løst" med tilsvising til at "[e]t nytt EU-direktiv står nemlig på trappene". Eg reknar med det er eurovignettdirektivet frå 2022 det vert vist til. Gjeve at problema med m.a. rumenske varebilar ila. 2024 har vorte svært stort, synest det presserande å gjere noko med problemet. Ein ting er at firmaa som nyttar desse bilane får urimelege konkurransefordelar andsynes konkurrentar som betaler bompengar, ein annan ting er at det i kjølvatnet på det store talet på rumenske bilar på norske vegar også kan fylgje unndraging av eingongsavgift, fleire ulukker, sosial dumping mv. Gjeve den eksplosive auken i rumenske bilar ila. 2024, som NRK har dokumentert, verkar det rimeleg at statsråden tek sikte på å løyse utfordringa ila. månader snarare enn år. Eg lurer difor på om han kan garantere ikraftsetjing av eurovignettdirektivet innan rimeleg tid og, dersom han ikkje kan dette, om han vil ta andre grep.