Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1399 (2024-2025)
Innlevert: 26.02.2025
Sendt: 26.02.2025
Besvart: 05.03.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kor mange kontrollar vart gjennomført i 2024 for å avdekke ulovleg bruk av utanlandsregistrert bil i Noreg, og kor mange tilfelle av slik ulovleg bruk vart avdekt?

Begrunnelse

Det kan gje store føremoner for useriøse aktørar og einskildpersonar å bruke utanlandsk køyretøy ulovleg i Noreg. Til dømes kan ein unndra seg eingongsavgift og bompengar. NRK avslørte 24. februar 2025 at det i 2024 har vore ein stor auke i bompasseringar av rumenskregistrerte bilar. I fall dette er ein trend, er det viktig at det vert teke naudsynte grep for å stogge utviklinga.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Passeringar i bomstasjonane med utanlandsregistrerte køyretøy har dei siste åra vore på om lag 2,2 - 2,3 prosent av dei totale passeringane. Om lag 80 prosent av passeringane med utanlandskregistrerte køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy under 3,5 tonn) har ikkje vore knytt til ein brukaravtale, og har dermed vore belasta eigar av køyretøyet.
For utanlandsregistrerte køyretøy utan AutoPASS-avtale er ein avhengig av tilgang til køyretøyregister i dei enkelte landa for å kunne fakturere eigar av køyretøyet. Det blei gitt tilgang til køyretøyregisteret i Nederland i fjor. Når det gjeld «opne» utanlandske register, som krev gebyr for søk, har eg også relativt nyleg akseptert at bompengeselskapa kan krevje inn sine kostnader for søk i slike register. Dette er noko selskapa truleg vil starte med 1. mai i år. Eg viser i den samanhengen også til mitt svar på ditt spørsmål nr. 1400 om at fokuset framover blir å sikre tilkopling til det felleseuropeiske meldingssystemet EUCARIS for innhenting av køyretøysinformasjon i samsvar med EETS-direktivet, mellom anna frå Tyskland og Romania.
Betalingsgraden, det vil seie innbetalte bompengar frå utanlandsregistrerte køyretøy utan AutoPASS-avtale, var i 2022 og 2023 på om lag 50 prosent. Eit så pass lågt tall skuldast i stor grad manglande tilgang til utanlandske køyretøyregister. Viss ein berre ser på passeringar der det er mogleg å fakturere eigaren av køyretøyet, er betalingsgraden i gjennomsnitt rundt 80 - 90 prosent. Dette skil seg ikkje vesentleg frå norskregistrerte køyretøy utan slik avtale.
Det er et forskriftsfesta krav om obligatorisk betalingsbrikke for tunge kjøretøy (over 3,5 tonn). Utanlandsregistrerte kjøretøy i takstgruppe 2 som likevel ikkje har slik avtale, utgjorde kun 0,02 prosent av de totale passeringane.
Totalt berekna tap (for kjøretøy i både takstgruppe 1 og 2) for alle bompengeselskapa på grunn av manglande tilgang til utanlandske køyretøyregister var på om lag 140 mill. kr i 2023. Om lag fem prosent av det totale tapet kom frå utanlandske køyretøy registrert i Romania.
Mellombels ulovleg bruk av utanlandsregistrert motorvogn med tanke på eingongsavgift, er ikkje noko som blir kontrollert av Statens vegvesen. Dette ligg innunder Finansdepartementet og Skatteetaten sitt ansvarsområde.