Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:1394 (2024-2025)
Innlevert: 25.02.2025
Sendt: 26.02.2025
Besvart: 04.03.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er dagens rammeverk for SPU til hinder for at fondet kan selje seg ut av fleire selskap som har økonomisk aktivitet i okkkuperte Palestina, og vil i så fall regjeringa ta initiativ til å skjerpe inn dette slik at investeringane blir meir i samsvar med tilrådingane frå FN?

Begrunnelse

Den internasjonale domstolen (ICJ) har tydeleg slått fast at den israelske okkupasjonen av Palestina er i strid med folkeretten. Dette vart slått fast seinast i ICJ si rådgjevande fråsegn i juli 2024. Fråsegna vart fulgt opp av generalforsamlinga i FN, som vedtok at alle statar og internasjonale organisasjonar har ei plikt til å ikkje anerkjenne eller på andre måtar støtte Israel sin ulovlege okkupasjon. Dette inkluderer å avstå frå økonomiske eller handelsmessige avtalar som bidreg til å oppretthalde situasjonen. Noreg var blant forslagsstillarane til fråsegna, som vart vedteke med støtte frå 124 land.
Samstundes er Statens pensjonsfond utland (SPU) framleis investert i ei rekke selskap som i følgje FNs høgkommissær for menneskerettar har økonomisk aktivitet på okkupert palestinsk territorium. I følgje koalisjonen «Don’t buy into occupation», som mellom anna består av norske LO, er SPU den europeiske finansinstitusjonen som har investert aller mest i selskap og konsern som har økonomisk aktivitet i okkupert Palestina.
Sidan det vart fornya diskusjon rundt desse problemstillingane i lys av krigsutbrotet på Gaza hausten 2023 har både SPU og regjeringa svart at det etiske rammeverket for fondet er godt nok, og at det kan ta tid å vurdere kvart enkelt selskap for utelukking. No har det gått svært langt tid, og lite synest å vere endra, så det er av interesse å vite om vi frå dette kan slutte at regjeringa meiner status quo - inkludert betydelege investeringar i selskap som har økonomisk aktivitet i okkupert område - er tilfredsstillande.

Jens Stoltenberg (A)

Svar

Jens Stoltenberg: Noreg har i lang tid vore tydeleg på at den israelske busettingspolitikken på okkupert land er i strid med folkeretten og må opphøyre. Noreg har difor gitt klart uttrykk for at Israel på dette grunnlaget må trekkje seg ut av eksisterande busettingar og stanse utbygging av nye.
Statens pensjonsfond utland (SPU) er ein finansiell investor. Fondet skal forvaltast ansvarleg, og det er innførd retningsliner for observasjon og utelukking av selskap frå fondet. Retningslinene handlar om kva fondet av etiske omsyn ikkje skal vere investert i. Dei omfattar mellom anna kriterium for grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane og alvorlege krenkingar av rettane til individ i krig eller konfliktsituasjonar.
Det fagleg uavhengige Etikkrådet vurderer selskap opp mot retningslinene. Etikkrådet gjorde i brev til Finansdepartementet 30. august 2024 greie for korleis rådet følgjer opp retningslinene i lys av det auka konfliktnivået den seinare tida. Brevet blei omtala i kapittel 7.4 i Nasjonalbudsjettet 2025.
Etikkrådet meiner dei israelske busettingane på Vestbreidda er ulovlege etter folkeretten. Ti selskap er utelukka frå SPU på bakgrunn av verksemd der. Selskapa som er utelukka er vurderte å medverke til dei folkerettsstridige busettingane. Ifølgje Etikkrådet føreset utelukking at det er ei tilknyting mellom verksemda til selskapet og normbrotet som ligg under. Det er difor ikkje slik at det å vere til stades åleine eller einkvar tilknyting til dei okkuperte områda vil føre til observasjon eller utelukking.
Etikkrådet viser vidare til at krava til selskapa si aktsemd er høgare viss dei risikerer å medverke til svært grove normbrot, slik tilfellet kan vere i konfliktsituasjonar. Rådet viser også til at Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) den 19. juli 2024 slo fast at okkupasjonen av palestinske område er i strid med folkeretten og er ulovleg. Med utgangspunkt i dette, vurderer Etikkrådet om selskap med ei mindre direkte tilknyting til normbrota i okkupert palestinsk territorium (OPT) enn det som tidlegare har vore lagd til grunn, også bør anbefalast å bli utelukka.
I lys av utviklinga både i normgrunnlaget og i situasjonen i dei okkuperte palestinske områda, skriv Etikkrådet at dei etiske retningslinene gir grunnlag for å utelukke nokre fleire selskap med samband til Vestbreidda enn dei som allereie er utelukka.
Det er blitt lagd stor vekt på eit grundig arbeid i rådet. Hovudstyret i Noregs Bank avgjer slike saker, og sakene vert offentlege først etter at Noregs Bank har selt seg ut av selskap som skal utelukkast. Verken regjeringa eller departementet legg seg opp i dette arbeidet, som gjeld enkeltsaker.