Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1391 (2024-2025)
Innlevert: 25.02.2025
Sendt: 25.02.2025
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva grep vil statsråden ta for å stanse den pågåande sveltestreiken blant syriske asylsøkjarar ved norske asymottak?

Begrunnelse

I løpet av den siste veka har det blitt kjend at syriske asylsøkjarar sveltestreikar over heile landet. Dei protesterer på at deira asylsøknader er sette på vent. Ifølgje Utrop er det no fleire slike sveltestreikar på mottak mellom anna i Troms, så vel som Alta, Ringsaker, Holmestrand og Fauske. Også Sunnmørsposten kan melde om sveltestreik blant syriske flyktningar på mottak i Rauma. Allereie i september 2024 mottok SV ei underskriftsliste frå eit asylmottak der det var understreka at uvisse, lang ventetid, bekymring for familie og framtid, går på helsa laus for mange asylsøkjarar. Dei uhaldbare forholda med svært lang ventetid har bygt seg opp over tid, og vart forterka av vedtaket regjeringa gjorde om å sette søknader på vent. Dette forverrar uvissa og det store psykiske stresset desse menneska vert utsette for.
Bakgrunnen for sveltestreiken er at asylsøknadar frå syrarar er sett på vent på grunn av den uavklarte situasjonen som følgje av Assad-regimets fall i desember i fjor. Pressemeldingar dokumenterer at det nye styret allereie er i ferd med å stramme grepet om kvinner sin rett til å kle seg som dei vil, jamfør NRK radio i dag 25 februar.
I møte SV hadde med kurdiske politiske parti sine norske og nordiske representantar på stortinget 3 februar, vart det uttrykt stor uro over utviklinga for dei mange minoritetane i Syria sine menneskerettar med det nye sunnimuslimske styret. Same morgonen meldte NTB at ein lastebil med 19 kvinnelege kurdiske landbruksarbeidarar var sprengt i filler nord i Syria. Panorama melder at terrorangrepa frå IS og særleg er retta mot sivile mål. FN, amerikanske og kurdiske tenestemenn meiner IS stadig er ein trussel i Syria.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig