Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1390 (2024-2025)
Innlevert: 25.02.2025
Sendt: 25.02.2025
Besvart: 03.03.2025 av utviklingsminister Åsmund Aukrust

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa suspendere norsk bistand til Rwanda i lys av landet si aktive rolle i krigføringa i Aust-Kongo?

Begrunnelse

I Aftenposten 25. februar skriv utviklingsministeren om den alvorlege situasjonen i Aust-Kongo, der den væpna gruppa M23 har lagt under seg store område. Gruppa er aktivt støtta av nabolandet Rwanda, og driv på mange måtar ein avløysarkrig - ikkje ulikt situasjonen i Aust-Ukraina før fullskalainvasjonen av landet i 2022.
Rwanda si framferd er i strid med all internasjonal rett, og dei humanitære konsekvensane på bakken er enorme. Statsråden skriv godt i Aftenposten om konsekvensane av krigen, og framhevar at Noreg bidreg med bistandsmidlar til Kongo. Spørsmålet er kvifor Noreg held fram med å yte bistand til agressoren Rwanda. Landet har over tid motteke enorme summar i bistand frå vestlege land, og dette er eit av få pressmiddel ein faktisk har tilgjengeleg for å påverke landet til å avstå frå å destabilisere Aust-Kongo. I tillegg til svar på om Noreg er villig til å suspendere bistanden til Rwanda, ber eg om ei oversikt over norsk direkte og indirekte bistand til Rwanda for 2024 og 2025.

Åsmund Aukrust (A)

Svar

Åsmund Aukrust: Regjeringa er djupt uroa over opptrappinga i konflikten i Aust-Kongo og lidingane som sivilbefolkninga blir utsett for som følgje av kamphandlingane. Vi er òg bekymra for at konflikten skal eskalere ytterlegare til ein regional konflikt. Det pågår viktig arbeid i regionen for å få partane tilbake til forhandlingsbordet. Både East African Community (EAC), Southern African Development Community (SADC) og Den afrikanske union (AU) er involvert i dette arbeidet. Noreg støtter opp om dei afrikanske fredsprosessene.
Noreg har vore tydeleg i fordømminga si av M23s offensivar og Rwandas støtte, og vi har understreka at rwandiske troppar på kongolesisk jord er eit brot på FN-charteret og oppfordra til respekt for DR Kongos territoriale integritet.
Seinast i ein spesialsesjon i FNs menneskerettsråd 7. februar om situasjonen i DR Kongo uttrykte Noreg, saman med nordisk-baltiske land, vår djupe bekymring for opptrappinga i konflikten og dei alvorlege menneskerettsovergrepa og brot på internasjonal humanitærrett som sivilbefolkninga blir utsett for. Noreg var òg medforslagsstillar til resolusjonen om å opprette ein undersøkingskommisjon for å dokumentere menneskerettsbrot og overgrep i Aust-Kongo. Det bør likevel leggjast til at dette er ein svært langvarig og kompleks konflikt der sivilbefolkninga har stått overfor menneskerettsovergrep òg frå andre opprørsstyrkar og den kongolesiske hæren.
Den grunnleggjande haldninga vår er at vi ønskjer å halde dialogen gåande, sjølv når valdelege konfliktar oppstår. Dette gjeld òg i forholdet til Rwanda. Frys av bistandssamarbeidet er noko som vi, til liks med andre likesinna land, vurderer fortløpande. Storbritannia har som det første landet nettopp vedteke å fryse størstedelen av bistanden til Rwanda inntil kamphandlingane er betrakteleg reduserte.
Noreg sitt bistandssamarbeidet med Rwanda er svært avgrensa. Det vart i 2024 utbetalt 21,3 millionar i øyremerkt hjelp til Rwanda. Mesteparten av denne støtta gjekk til helse, utdanning og utvikling av godt styresett. For 2025 er det planlagt innsats for 16,6 millionar kroner, til institusjonssamarbeid innanfor helse, utdanning og godt styresett. Støtta blir kanalisert gjennom norske aktørar.
Utrekningane av kor mykje av kjernestøtta Noreg gir til multilaterale organisasjonar som kjem enkeltland til gode, basert på multilaterale organisasjonar si eiga rapportering, er enno ikkje sluttført for 2024.