Kjersti Toppe (Sp): Kan kunnskapsministeren kome med forslag til korleis ein kan sikre, gjennom presisering i retningsliner, rundskriv eller forskrift, ei felles nasjonal praksis som kan garantere at ungdom som er representantar i dei lovpålagte ungdomsråda, ikkje får fråvær til slikt arbeid ført på vitnemålet ?
Begrunnelse
Viser til Dokument 15:1225 (2024-2025) og svar på skrifteleg spørsmål. Eg forstår av statsrådens svar at regjeringa meiner det er viktig med fleksibilitet i korleis fråvær blir ført, og ikkje vil ha nasjonale ordningar som kan gi klare føringar for at deltaking i ungdomsråd ikkje fører til fråvær på vitnemål. Eg vil likevel be om forslag til korleis dette kan regulerast.