Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1356 (2024-2025) Innlevert: 21.02.2025 Sendt: 24.02.2025 Rette vedkommende: Næringsministeren Besvart: 03.03.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth
Liv Kari Eskeland (H): På et seminar om grønt skipsfartsprogram i regi av KLD, kom det fram at det er alt for enkelt for offentlige aktører å gripe til unntaksbestemmelsene om miljøvekting på 30 % i offentlige anbud.Kva vil statsråden gjere med dette?
Cecilie Myrseth: Dei nye reglane om klima og miljø i offentlege innkjøp trådde i kraft 1. januar 2024. Formålet med dei nye reglane er å redusere klimaavtrykket eller miljøbelastninga frå offentlege innkjøp. Den nye hovudregelen er at oppdragsgivar skal gje klima- og miljøomsyn minimum 30 prosent vekt ved offentlege innkjøp. Eg var ikkje til stades på seminaret om grønt skipsfartsprogram i regi av KLD, og kjenner derfor ikkje til bakgrunnen for påstanden om det er for enkelt å nytte unntak frå hovudregelen om 30 prosent vekting i offentlege innkjøp. Hovudregelen har unntak som er ulike i sin karakter og vert nytta i ulik utstrekning. Oppdragsgivar kan erstatte 30 prosent vekting av klima- og miljøomsyn i tildelingskriteria, med klima- og miljøkrav til ytinga (i kravspesifikasjonen), dersom det er klart at det gir ein betre klima- og miljøeffekt. Oppdragsgivar må grunngi dette i innkjøpsdokumenta. Om unntaket vert brukt riktig, vil det vere i tråd med målsettinga om å redusere innkjøpet sitt samla klimaavtrykk eller miljøbelastning.Plikta til å stille krav eller kriterium gjeld ikkje dersom innkjøpet etter sin art har eit klimaavtrykk eller ei miljøbelastning som er uvesentleg Oppdragsgivar må grunngi dette i innkjøpsdokumenta. Unntaket inneber at oppdragsgivar kan sette ressursane sine inn på å finne fram til gode krav og kriterium der det har størst effekt, altså i dei innkjøpa der klimaavtrykket og miljøbelastninga ikkje er uvesentleg. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) gjennomfører analysar av konkurransegrunnlag ved hjelp av kunstig intelligens for å skaffe ei overordna oversikt over korleis klima- og miljøomsyn vert ivaretatt i offentlege innkjøp. Analysane viser ein tydeleg auke i klima- og miljøomsyn i offentlege innkjøp frå 2023 til 2024. Totalt har ein i 2024 vekta klima- og miljø med minst 30 prosent, eller brukt klima- eller miljøkrav, i rundt 70 prosent av innkjøpa. Tilsvarande tal for 2023 var rundt 50 prosent. Andelen innkjøp utan nokon form for klima- og miljøomsyn er i same periode redusert frå i underkant av 40 til rundt 25 prosent. Dette tyder på at klima- og miljøregelen har ført til auka klima- og miljøfokus i offentlege innkjøp. Regelen er relativt ny, og eg følgjer utviklinga tett, blant anna for å vurdere om unntaka vert nytta i tråd med intensjonen og føremålet med regelen.Regjeringa har sett ned eit utval som har foreslått ein ny lov om offentlege innkjøp, blant anna nye reglar om klima og miljø, i NOU 2023: 26 Ny lov om offentlige anskaffelser — Første delutredning og NOU 2024: 9 Ny lov om offentlige anskaffelser — Andre delutredning. Nærings- og fiskeridepartementet arbeider med å følgje opp utvalet sine anbefalingar, og vil leggje fram endringar i lov om offentlige anskaffelser.