Skriftlig spørsmål fra Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1307 (2024-2025)
Innlevert: 19.02.2025
Sendt: 20.02.2025
Besvart: 25.02.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp)

Spørsmål

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Korleis vil statsråden sikre vidare drift av NIKU (norsk institutt for kulturminneforsking) når ny budsjettmodell for arkeologiske undersøkingar blir innført frå 1.1.2026?

Begrunnelse

I lov og forskrift er NIKU pålagt å utføre graving i Noregs 8 mellomalderbyar, i tillegg til kyrkjegardar og borganlegg frå mellomalderen. Staten bidreg ikkje med midlar til dette. User-pay-prinsippet skal ligge til grunn, og NIKU skal gjere det til sjølvkost utan å rekne inn overskot. I ny budsjettmodell frå 2026 blir det lagt til grunn at det er 100% inndekning, altså ingen opphald mellom utgravingsprosjekta. I tillegg til at tiltakshavarane berre skal betale for sitt tidsavgrensa oppdrag. Når det ikkje er oppdrag sit altså NIKU utan inntekter i arkeologisk avdeling. Dette svekker økonomien, sjølv om det er ei lovpålagt oppgåve. I følgje NIKUs eigne utrekningar vil ny budsjettmodell påføre dei eit underskot på 12-15 millionar kr. i 2026, rekna ut frå 2023-tal, berre knytt til denne lovpålagte oppgåva. Viss dette blir utfallet vil truleg NIKU gå konkurs i løpet av 2 år.
KLDs nye budsjettmodell legg til grunn stor bruk av mellombels tilsette. Av dei 30 fast tilsette arkeologane i dag, vil dei fleste miste sin faste stilling og måtte gå over i mellombelse stillingar.

Andreas Bjelland Eriksen (A)

Svar

Andreas Bjelland Eriksen: Eg syner til svaret mitt av 16. januar 2025 på spørsmål nr. 835 frå representanten Lene Westgaard-Halle. Klima- og miljødepartementet (KLD) er framleis i ein pågåande prosess med å gå gjennom og vurdere modellen for NIKUs kostnadsberekning av arkeologiske utgravingar. Departementet er i dialog med NIKU som ein del av prosessen. Bakgrunnen for arbeidet er at KLD ønskjer ei meir einskapleg praktisering av kostnadsberekningane av arkeologiske utgravingar mellom dei ulike aktørane på området. KLD arbeider framleis med å få oversikt over grunnlaget for kostnadsberekninga, og har per no ikkje konkludert i saka. Det er ikkje fastsett nokon ny modell, eller tatt stilling til kva for tidspunkt ei endring vil gjelde frå. Når det gjeld drifta av NIKU syner eg til at forskningsinsituttet har eit styre og at det er opp til styret og leiinga i verksemda å innrette drifta av organisasjonen.